onsdag 14. september 2011

Så va eg igang...

Ferdig innstalert på Moan gård...

No ventar tre veker med trening, undervisning og rett mat til alle måltid! Skal verte godt med påfyll av inspirasjon og motivasjon... Sjølv om vektreduksjonen faktisk har gått på skinner til no, reknar eg med at vanskeligare dagar må kome etter kvart. Og då er det godt å vere litt føre var?
Var rart og kjekt å vere tilbake her. Kjekt å treffe igjen dei andre.! Rart? Jo, når vi kom hit fyrste gongen stod vi på startstreken alle saman...Vi stod og var meir eller mindre klar til ei endring... I heime periden har vi lykkast på ulike plan. Nokre har jobba mykje med dei indre endringane og det er no ikkje alltid dei vises på utsida i cm eller kg.  Andre har fått inn dette med måltidsrutine og andre har vorte racera på å trene.... Men det er kanskje det som gjer gruppeprosessen så spennande? For ved å dele våre historier kan vi lære og verte inspirerte og motiverte av dei andre deltakarane. Eg er klar.... :)

 Og dagens påminning? Husk at uansett så er Your body is a wonderland! :)

Klæm frå mej! <3

2 kommentarer:

  1. Hei! :-)
    Det er spennande med endring...
    Lykke til vidare med prossesen og opphaldet!! Med dei beste ønsker... :-))

    SvarSlett
  2. Lykke til! Du e kjempeflink til å nå måla dine, stå på :) Klem!

    SvarSlett