onsdag 21. september 2011

Hyggelig besøk på ein onsdag :)

·         "Omgi deg med mennesker som kan hjelpe deg med å komme et skritt videre på den veien du vil gå." (J. G)
HURRA!!!! :) I dag fekk eg faktisk besøk! Eg har fortalt at eg har ein koordinator i heimkommunen min i forbindelse med denne livsstilsendringa? Eg har vore heldig! Eg trudde at eg kunne få vanskar med å klare å halde på faste treningsøkter.. og av di spurte eg ei som jobbar på treningsstudioet heime. Og jammen svarte ho ja!! :) Det har gjort prosessen enklare. Berre at eg veit at eg har henne i bakhand... At ho registrerar meg når eg er på trening... at eg får ein og annan SMS med spørsmål om korleis det går? ... kanskje småting... men viktig for meg i min situasjon. Og i dag kom ho til Røros for å vere med på KURS i regi av Røros rehabiliteringssenteret.
Det var reint kjekt å få vise fram "livet mitt" her oppe!!!  :) Berre å gå igjennom Gata her... småkoslege hus på rekke og rad... Vi var oppom rehaben og på MOAN.... <3
Eg følgte henne til hotellet att... og på veg heim tenkte eg at eg må vere meir enn heldig!!! Eg har fått ein sjanse til å endre livet mitt til det bedre... og eg har mange gode støttespelarar rundt meg som håpar og trur at eg skal få det til... Som ser til at eg tek steg i rett retning.... Ja, eg er heldig!!! Det er viktig med gode støttespelarar:)
 
Takk alle kjende og kjære!!! :)
 
Klem <3

2 kommentarer:

  1. Gode støttespelarar er utruleg viktig. Eg har vore open om min sjukdom og fått fantastisk mange flotte og gode tilbakemeldingar. Eg merkar at kva ein av dei er eit steg vidare for at eg skal klare å tenkje så positivt som eg ynskjer. Så uansett kva som står på så er gode støttespelarar kjempeviktig. Stå på! Dette klarar du:-))
    Klem jannetove

    SvarSlett
  2. Det er så fint på Røros. Var der på ferietur med mamma og pappa som barn. Dette er jo fin reklame!

    Lykke til videre, Elisabeth!


    Klem

    SvarSlett