mandag 28. oktober 2013

Ei lita bloggepause

Det vart visst ei lita bloggepause.... kvadagane er så travle... det går i jobb og tur og trening.... og vips så er dagen over. Eg prøver å legge ut et bilde kvar dag på INSTAGRAM.... Følg meg gjerne der! Eg heiter blixabeth. Og om vi ikkje sjåast der så er eg snart tilbake her :) På gjensyn så lenge! :) 

Klem frå Blixa 

lørdag 31. august 2013

Laurdagskos

I dag er siste sommardagen... Ein skulle tru at den ver heilt over når ein kikar ut... Det regnar og bles, men inne har vi det koselig vi to...<3  Hjertevennen og eg. Eg har laga Bananlappar. Om ein har lyst på noko godt, treng det absolutt ikkje å vere så usunt!Det finst alltid eit alternativ. 

Bananlappar  
2 egg
1 dl havregryn
0,5 dl cottage cheese
1 mosa banan
1 ts kardemomme

Bland alt og steik i steikepanne eller på takke... God som dei er, og endå bedre med litt brunost og ein sylteskvett :)

Snart skal eg på treningssenteret for meir laurdagskos! Der skal eg  køyre igjennom spinningprogrammet mitt :)  Mandag skal eg nemmleg prøve meg som spinninginstruktør :) Skummelt og spennande på samme tid! Men ei utfordring er ikkje til å forakte! Så eg hoppar i det, og håpar at nokon kan ha glede av det eg snekrar i hop :)

Dagens tanke: Laurdagskos kan vere så mykje meir enn usunn mat! Kos deg med det som kroppen fortjener! Sunn mat og gode oplevelesar saman med gode mennesker som veit å sette pris på deg! 

Laurdagsklem frå Blixa <3 

mandag 26. august 2013

I want to ride my bicycle


I helga hadde vi ein kjempeflott sykkeltur... over Flofjellsvegen.... :) Ein flott tur i dei nydeligaste omgivnader! Forbi fleire vatn.... og gamle sætrar.... 



  Vi sykla 18 km til saman... og vi brukte mange mange timar. Vi var tross alt på kosetur! 

Tidlegare likte eg veldig godt å sykle. Men etter at Odin (min firbeinte venn) kom i hus, vart det ikkje same stasen... Han er ikkje så flink å gå i band og endå dårlegare å springe i band! 

I fjor gjekk eg til det steg å investere i ein sykkel. Men  når sant skal seiast, er den det ein kallar MEGET  pent brukt... 

Hjertevennen likar veldig godt å sykle... og eg har tenkt at eg vil prøve å bli med på nokre sykkelturar. Iallefall når gullgutten er heime frå hybelen og kan passe vår kjære Odin... 

Eg har gått Flofjellsvegen fleire gongar tidlegare. Men eg har aldri sykla den... Sjølv om eg er litt rusten på sykkelsetet (eg kolva kun ein gong!) så vart det ein fiiiiiin tur... 




I den livsstilsendringa eg (og vi <3 ) har vore igjennom, tenkjer eg at det er viktig å finne den herlege bevegelsesgleda.... eg er utruleg glad i flott natur... og eg sluttar aldri å lat meg fasinere av den storslåtte, vakre naturen rundt meg.... Det er ein fantastisk motivasjon for meg!  Det å kome meg ut., og det å ha ein kropp som beherskar! Utruleg godt! 

I helga vart det to" fluger " i ett smekk.... ein hærleg tur på sykkel i den nydlegaste natur.... ein kosetur saman med hjertevennen min... med kaffikanne, pannekakerøre og stormkjøkken i sekken.... <3  
OG
ein dag i bevegelse.... På ein sykkel.... Ein vel anvendt og  opplevelsesrik dag...
Eg håper på fleire av same slaget! 

God tirsdag til alle 

Blixa <3 

mandag 19. august 2013

Vafler til kvelds med god samvittigheit!

bilde er teke av Esten Borgos/Brodogkorn.no og eg har lånt det HER

Av og til får ein lyst på noko ekstra godt til kveldsmat.... I dag var ein slik dag. Vafler kan en lage i alle varianter.Eg har valt ein sunn livsstil og laga dei sjølvsagt sunne :) Her har du oppskrifta om du vil lage en spesielt god kveldsmat

1 1/2 dl fullkorn hvetemel
1 1/2 dl sammalt hvete, fin
1 dl havregryn
2 egg
4 dl melk
2 ss flytende margarin
1/2 ts salt
 1/2 ts bakepulver

Eg brukte også grovkveite i staden for samalt kveite fin. Og halva av melka var skumma kulturmelk. 

Det vart ein nyyyydeleg god kveldsmat! Og ifølge ernæringsfysiologen Camilla Andersen er det minst like sunt som grovbrød. Les berre HER :)

Dela en koselig filmsnutt frå serien Vaffel hjerte.... Den varma like mykje så et skikkelig godt vaffelhjerte sjå berre HER .... 

Ønsker deg ein kjekk mandagskveld og tirsdag!

God klem frå Blixa <3


mandag 12. august 2013

Litt om å vere menneske.... Hudlaus... skjør..og et håp om gode lykkelege daga!


Oj! Det vart ei alvorleg overskrift.... Og i dag er frøken Blixa i et filosofisk hjørne... eg kjenner meg litt hudlaus... og skjør...idag... Kvar dag går eg og min firbeinte venn, Odin, på tur. Eg tenkjer så godt når eg er på tur. Om eg har eit problem, så blir det minimalt medan eg går.... heldigvis! Eg og mitt vert liksom så lite i den store fantastiske naturen...

Ofte... og iallefall når eg gå langs vegen,  går eg med musikk på øyrene. Den siste musikklista eg laga meg heiter "Tonar til ettertanke"... Sigvart Dagsland sin "Sangen om gleden" er der... en nydelig song med ei tekst av Erik Hillestad som verklegen er til ettertanke....
Du som ber om dager uden sorg,
du som sanke' lyst og glede
for å holda smerten nede,
du som jage itte vind

Du som tror du vokse' uden
tab, du som aldri tar ein sjanse,
men må holda dødens skanse,
mens din livslyst tørke' inn;

Alt som kan gje glede har ein
spire te et savn...

La solen seila øve himmelen,
på sleb e' alltid nåttå med.
Om glede snart må viga plass for sorg,
e' begge frukt av same store tre!

Du som vil ha nærhed uden sår,
du som stenge' adle dører
når ein skarpe kant berører
dine lengslers ømme hud;

Lykken kan du bare høsta der
kor smerten gror...

La solen seila øve himmelen,
på sleb e' alltid nåttå med.
Om glede snart må viga plass
for sorg,
e' begge frukt av same store tre!


La solen seila øve himmelen,
snart følge' mørket på fra øst.
Om glede då må viga plass for sorg,
e' begge frukt av same store høst!

Du som tror at himmelen blir te'
i ditt eget skjøre hjerte,
uden gråd og fødselssmerte,
må ha glømt ka glede e'

Er det ikkje bra sant? Om ein vil kjenne på alle dei gode følelsane, må ein vel vere modig nok til å kjenne på dei vanskelege og vonde følelsane også.... Og korleis kan ein vite at ein er fylt av glede dersom ein ikkje har kjent på sorg og sakn ?  Korleis kan ein vite at det er dag dersom ein ikkje har sett mørkret? Og korleis kan ein sette pris på alt det positive dersom ein ikkje har kjent på noko anna? . 

  '
Korleis har dagen din vore? Har han vore fylt av håp og glede? Eller har han vore fylt av  det vanskelege? 
Livet er begge deler... sorg, glede... dag... natt.... 

 I morgon er det ein ny dag.... eg har et håp om ein god... og lykkeleg dag :) 

 HER er den nydelege songen ... Nyt <3 

Med eit ønske om ei stor glede til alle frå Blixa <3 

søndag 11. august 2013

En drøm vart til virkelighet!



I går gjekk en gammal drøm i oppfyllelse! Eg har i mange år drøymt om å bestige Skålatårnet i Loen... Men i mange år har kroppen vore tung... så tung at ein slik tur ikkje hadde vorte noko stas.... For mange år sidan gjekk Elias (sonen min) saman med far sin dit... og sidan då, har eg drøymt om å kome meg opp dit.... 

 I fjor var vi heilt bestemte på at vi skulle kome oss opp.. men sommaren gjekk oppi sjukdom, sorg og regn.... I vår sat vi og planla litt av det vi skulle fylle sommaren med. Og ein av det vi ville gjere var ein  tur til Skålatårnet....


I går vart draumen til verklegheit!!! :) Eg har høyrt at turen er svært bratt... og hard.... at  ingen av dei 1843 høgdemetera skulle ein få gratis.... 
Vel.. skal ein draum bli til verkelegheit, så må ein av og til ta sjansar! Mottoet mitt er at ein får til det ein vil... 

Men så er det dette været då... Vi har fylt med heile veka... eine dagen skulle været vere vått .... og neste dag eit nydeleg vær.  Og Storm og Yr er heller ikkje alltid einige i kva vær som skal kome. Laurdags morgon var det plutselig fare for regnbyger. Men vi tok sjansen! Og det angra vi ikkje på! Været heldt seg... berre litt trolsk skodde som leika seg i fjelltoppane innimellom. Noko som gjorde turen endå flottare og majestetisk. 


Yeah! En drøm vart til virklihet! :) 
Turen vart fin... veldig fin og uforgløymeleg! I godt lag.... fint vær... og den flottaste og mest fasinerande natur! Kan ein ønske seg noko meir? Nope! 
For meg var det ein gammal draum som gjekk i oppfyllelse... Turen var ikkje så knallhard som eg hadde sett føre meg. Eg trudde det var brattare og lengre. Så eg klarte det med gooooood margin! Og det vart ei god erfaring....  
Då Thomas og eg flytta saman, fekk eg ei gåve med han....  eit bilde... På bilde står det:

"Sammen skal vi gjøre våre drømmer til virkelighet"
I går vart ein av mine draumar til verkelegheit... saman med min kjære.... :) 

Har du ein draum du skal gjere til verkelegheit? Saman med nokon som du er glad i? 
Det er veklegen til å anbefale.... 

"Bærer du en gammel drøm

kanskje en yr, ustyrlig drøm
helt fra den gang du var liten
og ingen drøm for stor?

Gi den vinger, ikke vent

tidsnok kan de bli for sent
fly på vindens brede rygg
dit ørn og ravner bor!"
Erik Bye

Medan du  drøymer, kan du høyre den fine og sanne songen HER

Med ønske om ein fiiiiin søndag, fylt med draumar som kan verte til verklegheit 
Blixa <3 



onsdag 7. august 2013

Blixa linselus og å drite i jantelova....

Alle som kjenner meg, eller har fylt meg her på bloggen  veit at eg har vore igjennom ei voldsom endring dei siste to åra. Ikkje berre har eg begynt å etet sunnare og trene. Men eg har vore igjennom to(!!!!) samlivsbrot med alt det inneberer, eg måtte selge mitt kjære Lønnetun.... og det verste av alt....mamma vart sjuk og døde...! 
Det vart litt mykje på ein gong... men eg har vore fast bestemt på å skulle klare livsstilsendringa som skulle føre til ein lettare, sunnare og sprekare kropp. Og oppi alt... så klarte eg faktisk det! 
No har eg vore stabil i vekt sidan jul! Og det kjennes godt! 
Eg kan ikkje tillate meg å slappe av.... eg må halde fokus! På både mat og trening! Dette er ikkje ein kur, men ein varig livsstil..
I fjor vår fekk eg og kjærasten spørsmål om å stille opp til intervju i Regionavisa. Vi hadde då gått ned 85 kg til sammen . Og vi stilte opp. Intervjuet handla mest om prosessen vi var inne i, og den hjelp vi hadde fått ved Røros rehab. Det vart eit bra intervju, og vi fekk mykje gode tilbakemeldingar i etterkant.  
No i sommar fekk eg nok eit spørsmål om eit intervju i lokalavisa Vestlandsnytt...
Eg tenkte veldig mykje i førekant. Eg var så redd at nokon skulle tenke at "ka ho trur ho er då?" "Ho har då fått hjelp!" eller at folk skulle tru at eg trudde (herlighet kor mykje rart en tenkjer....) at eg var bedre enn nokon annan.... Eg snakka med han som skulle gjere intervjuet....Han kom med eit viktig poeng: Eg kan vere til inspirasjon for nokon som er i same situasjon som eg hadde vore i... så eg bestemte meg for å stille opp...
Eg har fått mange gode tilbakemeldingar! Og no har eg/vi  fått eit anna spennande spørsmål.... men det vil eg skrive om seinare...

Desse opplevingane har gjort at eg igjen har tenkt på jantelova... Du store mi tid, kor styrte vi er av den. Eg har som mål å drite i heile lova... men det er lettare sagt enn gjort. Og spesielt når ein har erfart bygdedyrets sure svie...Men igjen.... eg VIL prøve å drite i jantelova....og heller bry meg om antijantelova! 

Anti Janteloven

Du er enestående
Du er mer verdt enn noen kan måle
Du kan noe som er spesielt for deg.
Du har noe å gi andre
Du har gjort noe du kan være stolt over
Du har store ubrukte ressurser
Du duger til noe.
Du kan godta andre
Du har evner til å forstå og lære av andre.
Det er noen som er glad i deg....

Tenk om vi alle kunne klare å leve etter dette! Tenk kor godt vi kunne få det! Ønske kvarandre det beste og vite at både eg og og du er spesielle og kan få lov å vere stolte av! Skal vi prøve?!? 
"Yesssss ej kan nåke!!!"


Med ønske om en gooood onsdagskveld 
En antijantelovklem  frå linselusa <3 

PS: Min kjære Thomas har begynt å blogge... en spennande blogg. Besøk han gjerne her....