torsdag 15. september 2011

Livets landeveg... og steg på veien....

 I dag har T5 gruppa her på Røros blant anna våre på ein nydeleg tur oppi marka her... Heilt fantastisk... Medan eg fotograferte(om det heiter det då, når ein brukar ein Iphone da..:) gjekk dei andre eg hadde lag med vidare. Så då vart det tid for tankar medan eg gjekk.... Eg gjekk på ein grusveg.... Og eg vart gåande å tenkje på Livets landevei.... Min veg i livet har slett ikkje vorte slik eg håpte og ynskte. Eg har hatt, slik eg ser det, nok med motbakkar og krunglete stigar. Eg har gjort erfaringar eg godt kunne vore forutan. 

I eit gammalt KK som låg her på Moan fann eg noko som Kari Bremnes har sagt om livet:
"Først om noen år, når du en gang ser deg tilbake og ikke lenger er utolmodig, kommer du til å forstå at hvert eneste skritt du tok på denne veien var nødvendig. At hvert menneske du møtte, hver dyrekjøpte erfaring, hver fysikktime, hvert ganagesår, hver eksamen, hver eneste dans, var med på å lage veien. Det tar tid å finne dører som opner seg. Som opner deg...."

Ho er jammen ei klok dame denne Kari Bremnes.Og har ho rett, må vi igjennom så ymse for å kome på den vegen  som leder oss til "døra" der vi høyrer heime....
Eg kjenner eg er på rett veg... eg trur dette vil verte bra.... på tross..... Ja.. det trur eg..... :)

Og dagens påminning?

"Smile under the sun,
Dance in the rain.
Like there is no tomorrow..... "

Gode klem frå mej... så må ta nokre dansetrinn ;)



3 kommentarer:

  1. Kloke ord du fant i bladet - trur det er heilt sant - alt vi opplever er med på å gjere oss til den vi er. Det kan nok vere vanskeleg å sjå det der og då når det røyner på. Men eg må sei at mange av dei vonde og trasige tinga eg har opplevd har gjort meg sterkare og førd meg fram til den eg er idag.
    Takk for helsing hos meg og lukke til du og - klem
    jannetove

    SvarSlett