søndag 11. september 2011

Draumen....

Den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund
skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

Olav H. Hauge



Erfaringar har vist meg at akkurat slik er det... der er mange "vågar" med fantastiske vidunderlege ting.... berre ein tørr og glide inn i vågen... eg trur eg tørr.... gjer du?!?

God søndag med ein klem frå meg <3

5 kommentarer:

  1. Me må våge å gå nye vegar - endringar i livet kan ofte føre mykje positivt med seg. Ikkje alle endringar er like velkomne - men me må berre våge å gå den vegen me har fått tildelt. Eit nydleg dikt:-)

    Klem

    SvarSlett
  2. Janne Tove: Takk for fine og sane ord: Endring kan føre noko positivt med seg... men endringane som du er i gjennom er nok ikkje velkomne.... eg håpar at dei erfaringane du gjer i den situasjonen som du er i likevel kan vere gode... at du kjenner at menneska rundt deg gir mykje omsorg og kjærlighet.... God varm klem frå meg....

    SvarSlett
  3. Har tru på at det er ei meining med alt - tenkjer at dette eg no går gjennom skal gjere meg sterkare og tryggare. Har så vist opplevd mykje vondt før - men i ettertid - når stormen har lagt seg har det vore tid for å takke for ny livsvisdom.

    Ha ei lykkeleg veke:-))

    SvarSlett
  4. Yndlingsdikte mitt :)og husk at vi e på skattejakt....framtida ligg og blinka der framme, også huska vi at vi alikevel skal leve fult og heilt, her og no. God klem fra ne Lena

    SvarSlett
  5. Thi hi! Lena, Ja, vi e på skattejakt.. :) HURRA!! :)

    Gode klem tilbake... (Å ej gler mej til oktober!! :)

    SvarSlett