mandag 25. februar 2013

Om livet og linsesuppe

"Alle de dagene som kom og gikk.... 
ikke visste jeg at det var livet...."

Akkurat når ein tenkte at ein hadde forsona seg med korleis livssituasjonen er... akkurat DÅ skjer det noko totalt uventa.... Og "sannheiter" ein har tenkt ut sjølv, kjem til for kort....Ein må kapitulere og tenkje for seg sjølv at ein har teke feil... og at det nok ikkje er siste gongen ein tek feil!  Eg har sagt det før, og seier det igjen.... Livet er og blir ei forunderleg reise.... og ingenting er forutsigbart! Dei siste vekene har vore gode vanskelege, såre, triste, fantastiske, hærlige.... ja alt på ein gong... Livet byd på stadige ovarraskelsar på godt og på vondt. Men dette skal eg blogge meir om seinare. :) 

I helga har sola stråla frå skyfri himmel... Og eg har vore på fjøretur både laurdag og søndag. Laurdag sat eg i timesvis saman med ein hjertevenn.Vi tømte ei heil kanne kaffi... mykje god og positiv prat... og timane gjekk fort i fjøresteinane med den vakraste bakkgrunnsmusikk... måsane som song for våren... og bølgene som slo mot land.... Det er godt å vere menneske på ein slik dag.... 
Søndag hadde vi med oss den beste lunsj.... suppe i termos... mat smakar aller best ute! Eg tenkte å dele oppskrifta. Den har eg fått på Røros Rehab å den er kjempe go!! 
1 løk
3 fedd kvitløk
1 squash
3 stilka stangselleri
1 bunt brokkoli
250 røde linser
2 bokser tomater (hakka)
1 lita boks tomatpurre
1-2 ss søt chillisaus (eg brukar 4 ss...)
2 liter vatn
4 ts buljongpulver
2 ts salt
120 gr pastaskrua, makaroni eller noko anna pasta)2 ss olje
karbonadedeig (i oppskrifta stod der litt... eg brukte 400 gr)
Steik karbonaddeiga, løken og kvitløken. skjer opp grønnsakene og ha i alt, utanom brokkolien. Ha i vatn, tomata,purreen og linsene i panna. Lat det koke i 20 min. Ha i Pastarør og brokkolien. Kok til pastaen er ferdig. Vips så har du ei stor gryte med deilig suppe!!! 

Kanskje neste gong du skal på tur og ha med mat, kan du la pølsene ligge att heime og heller ha med linsesupe? Iallefall eit godt tips... :) 


Eg vil iallefall ønske deg ein fin mandagskveld. Og husk livet er NO.... <3

Hjerteklem frå Blixa <3