mandag 27. februar 2012

Fine daga på Røros


Forma er stigande... det kjennes godt å vere Elisabeth igjen! :) Eg har fått att noko av energien.. Og hurra for det! Torsdag vart huset solgt... såre følelsar.... men også godt at det er overstått.... 
Fredag var vi på ein flott heildagsskitur. Nydeleg påskever, bål og kjekt lag... bortimot perfekt!
På laurdag fekk eg ein av mine draumar oppfylt: Kanefartstur saman med min hjerteven... Du og du kor romatisk!!! Å site der under den varme skinnfellen i mørkret... faklar på kvar hesteslede... Og den fine musikken av bjelleklang....stjerneklart når vi byrja, og når turen nesten var ferdig kom eit melisdryss av snø...  
Så vakkert at ein kan få tårer i augekroken.... <3

Eg har klart å samle meg om meg og mitt her på Røros no.... sjøl om eg veit at eg trengst heime.... Der ventar tenåringen, hunden og resten av familien på meg.... Eg trengst der... Spesielt no....

Eg øvar meg kvar dag på å leve her og no.... og ikkje i morgon eller neste veke eller til sommaren eller neste år... Prøvar å hugse på at livet ER... det kjem ikkje.... 

Men det er også samstundes godt å lene seg til Charlie Chaplin sine kloke ord:
"Nothing is permanent in this wicked world, not even our troubles"

Han var slett ikkje så dum han Charlie... :)

Ønska deg ein hæææærleg tirsdag! 

God klem <3

1 kommentar: