torsdag 1. mars 2012

Knekkebrød og kloke ord


Dagane flyg her oppe i fjellheimen... Dei er fulle av innhald... godt innhald! Gode førelesningar og gruppearbeid. Dagane her skal gjere oss best mogeleg rusta til å takle kvardagen heime. Til å kunne klare å stå i denne varige livsstilsendringa. 

I går hadde vi fagdag. Vi jobba gruppevis med oppgåver som fekk oss til å reflektere. Vi kan dra nytte av dei erfaringane dei andre på gruppa har gjort i si heimeperiode. Det er godt å høyre til ei gruppe mennesker som veit kva eg strevar med....  

Ei på gruppa mi kom med ekstra klok reflesjon:

"Vi kan sammenligne oss med en alkoholiker. En alkoholiker kan slutte å drikke- men vi kan ikke  slutte å spise. Vårt forhold til mat vil alltid vere forandret..."

Ja, slik er det nok dessverre. Men med hjelp skal vi klare å endre livsstilen vår til noko varig... Eg føler meg viss på at vi skal klare dette!! 

Mat er sjølvsagt eit tema her oppe. Vi lærer å ta "dei rette vala". I løpet av eit opphald får vi nokre timar på prøvekjøken der vi lagar sunn og god mat. På dette opphaldet laga vi lakseburger, hamburger, hamburgerbrød, pizza og knekkebrød. Eg laga også dressing. Alt smaka fortreffelig. Oppskrifta på knekkebrød deler eg gjerne: 

Rehab knekkebrød
2 dl havregryn
2 dl samalt rug
2 dl solsikkekjerner
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
1 dl kruskakli
1 dl gresskarkjerner
1 dl linfrø
7,5 dl vatn

Dette skal stå i ti min etter du har blanda alt. Det vert nok til tre plater. Når ein har fått smurt deiga utover kan ein strø på litt maldonsalt. Steikast på 150 gr i 1 time. Ta ut etter ein halvtime og del opp i passe bitar. 
Nam nam nam :)

I dag har det våre trening på timeplanen... Og eg har for fyrste gong på dette opphaldet vore med å trena på skikkeleg vis :) Det gjorde godt! 
I morgon er det ein ny dag... nye samtaler, nye treningsøkter... Eg gledar meg 

klem  <3 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar