torsdag 16. februar 2012

Minner og håp!

MINNENE 

"Ta det med deg!
Det minste av grønt som har hendt deg
kan redde livet ditt en dag
i vinterlandet.
Et strå
bare ett eneste blankt lite strå 
fra sommeren i fjor
frosset fast i fonna,
kan hindre skredets
tusen drepende tonn
i å styrte utfor"

Hans Børli

Så var eg på Røros att. Det er godt å vere her, sjøl om eg slett ikkje er i form.... og  ikkje får vere med på all trening... sjøl om eg akkurat no kjenner på at eg burde våre heime på Sunnmøre saman med familien... 
Men eg treng å vere her... eg treng hjelp til å halde min nye livsstil.. samle motivasjon...så medan det går, vil eg vere her....

Vi fekk ikkje det svar vi ønskte når det gjaldt mamma... No er det cellegift og ny kamp som gjeld...  Eg er takknemmelig for at familien min har eit nært og godt forhold... Vi har samla mange gode minner og viktig historie i løpet av åra... Minner vi no kan kose oss med... minner som varmar no når vi ER i vinterlandet .... Minner som kan gi håp... håp om fleire gode dagar....  Vi kryssar fingrane for at cellegifta verkar... og fortesette å håpe....

Gode klem <3


4 kommentarer:

  1. Tenker på dere --- morgenmonikaklemma

    SvarSlett
  2. Håper og trur på det beste Elisabeth♥
    Nydeleg dikt.
    Klem frå Mette.

    SvarSlett
  3. Nydeleg det diktet!
    Har hatt det på bloggen ein gong eg også..

    Livet vert ikkje alltid slik ein ynskjer det diverre..
    Men ein må ikkje miste HÅPET!!

    Stor varm klem ♥

    SvarSlett