søndag 19. februar 2012

Livets landevei.... og det å nyte kvart sekund...


"Det er mye en lyt gjønnomgå på livets landevei"

Ja, no har det gått nokre dagar her på Røros. Det går etter forholda fint. Eg er ikkje i storslag... men det går fint. Eg har bestemt meg for at eg ikkje skal verte "vippa av pinnen" kun på grunn av at kroppen ikkje vil lystre no. Eg er slapp, eg er uopplagt, eg er trøytt og tom. Men kanskje skal eg fokusere på det som er litt meir positivt? Eg har vore to dagar i bassenget. Og siste gongen "herja" eg faktisk litt saman med min kjære hjerteven :)  Og eg har gått frå Moan til senteret kvar dag! Og fredag var det berre eit nydeleg ver!!!Eg gjekk aleine med musikk på øyret. Også begynde eg å tenke på livet og vegen i livet.... Stundom går alt av seg sjøl. Vegen er breid og ein tenkjer kanskje ikkje så nøye over kvar det berst.... andre gongar kan vegen virke heilt uoverkomeleg. Krunglete, hompete og uoversiktleg... Men om ein tek det med ro, kjem ein seg fram der og? 

I morgon begynner mamma på cellegift. Eg er her... ho er på Sunnmøre....  heldigvis har eg verdas beste syster. Ho er utdanna sjukepleiar og veit å spørje dei rette spørsmåla og ho veit å gi den rette omsorg til alle rundt seg... 

Eg fekk eit sånt fint skilt med to av mine gode "Rørosvenninder" med ei fin påminning:

"Teller du år, blir livet kort
Teller du dager går livet fort
Teller du timer, varer livet en stund
men lengst varer livet om du nyter hvert sekund..."

Vi veit ikkje kva som møter oss på livets landevei... men vi får prøve så godt vi kan å takle det.. og øve oss på å nyte kvart sekund av dette dyrebare livet! 

Goooood optimistisk søndagsklem  <3

3 kommentarer:

  1. Minner er gode å ha og håpet er viktig å bere med seg. Eg er ikkje heilt i form sjølv, men dagane går sin kronglete sti og eg har mykje godt å sjå fram til. God bedring til deg - håpar opphaldet på Røros kan gje deg nye krefter - det sjønar eg at du treng no. Sender ein styrkeklem til deg frå meg:-))

    SvarSlett
  2. Det er sant, det var fint skrevet. Det er så fint å være tilstede i øyeblikkene og ikke la livet suse avgårde uten å være bevisst på alt det gode som er der på livets vei. Trist med din mor som skal igjennom cellegift, det er godt at det som regel går bra. Legene er flinke og med gode venner og familie rundt seg så klarer mange å komme seg godt igjennom dette også. Håper det beste.

    SvarSlett
  3. Klem til deg - håper energien snart kjem listande tilbake. Håper du får fine dager i vinterland. Eg sender alle varme tanker til tante Henny. Klem fra Anni

    SvarSlett