Eg er totalt avhengig av gode turopplevelsar.... Humøret stig minst ti hakk ute i det fri... Alle problem blir mikroskopisk små.... I helga hadde vi eigentleg planlagt telttur... men skodda hang langt nedi fjella... det regna og yra. Og med ca 8 grader vart ikkje ein frostpist av ei Blixa så frista på å skulle ligge ute....
Laurdags kvelden medan regnet sila ned, planla vi likevel ein flott dagstur.. Til Vetledalsseter. Ei perle av ein plass... Og turen vart svært flott! Skodda hang langt ned... men berre eit par dropar leita seg opp og det er ikkje mykje å klage over!
Hvem eier...
Hvem eier alle skogene
hvor
dyrene holder til -
og eng og strå og busker små
og
solens bleke ild -
Hvem eier hvert et kjølig vann
som
blinker på min vei -
og stjernene - og stillheten,
hvem
andre vel enn jeg
Høgdepunktet er matpausene.... :) Med god lunsj... deileg kaffi og heimelaga polarbrød i frisk luft, i godt lag og nydelege omgivnader kan livet neppe bli noko betre... :)
Eg deler gjerne oppskrifta på
POLARBRØD
150 gr havregryn
500 gr fin samalt kveite
350 gr kveitemjøl (eg har bytta ut all kveitemjøl med fibramjøl)
50 gr gjær
25 gr sukker
1 ta salt
1 dl rapsolje
4,5 dl mjølk
2 dl vatn
Varm opp verlen til 37 gr Rør inn gjær. Tilsett det tørre og elt gjerne i kjøkkenmaskin i minst fem min. Hev i ca 10 min og elt sammen igjen før deiga får heve i 45 min. Del deiga i to og kjevle ut ei leiv som er ca en cm. Stikk ut (gjerne hjerteform... <3 ) legg over på bakepapir og prikk brøda med ein gaffel. Etterhev i ca 10 min og steik på 180 gr i ca 10 min. Avkjøl på rist :)
Dagens utfordring: Ta deg ein tur sjøl om veret ikkje er topp! :)
God tirsdag ønskast frå Blixa <3
Hei! Kom akkurat over bloggen din. Denne oppskrifta fikk jeg lyst å prøve! Ser veldig godt ut :) Og Fibramjøl, nevner du. Nå ble jeg nysgjerrig på hva det er. Må sjekke det ut. Fin blogg du har!
SvarSlettHeisann Elin! Tusen takk for fine ord! :) Det varmar eit (blogge) hjerte :) Fibramjøl er veldig fint mele samalt kveitemjøl... eg har bytta ut mesteparten av det vanlege kveitemjølet med fibramjøl... Og det går finfint! :) Lykke til med polarbrøda og så skal vi nok bloggast :)
SvarSlett