«Din veg»
Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.
Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.
Olav H. Hauge
Sanne ord til ettertanke...Eg skal gå min veg... og du din veg. Er det ikkje spennande vel?!?
God tirsdagskveld ønskast frå Blixa <3
Så sant Elisabeth.... fine bilder og fint dikt til ettertanke... :)
SvarSlett