mandag 26. august 2013

I want to ride my bicycle


I helga hadde vi ein kjempeflott sykkeltur... over Flofjellsvegen.... :) Ein flott tur i dei nydeligaste omgivnader! Forbi fleire vatn.... og gamle sætrar.... 



  Vi sykla 18 km til saman... og vi brukte mange mange timar. Vi var tross alt på kosetur! 

Tidlegare likte eg veldig godt å sykle. Men etter at Odin (min firbeinte venn) kom i hus, vart det ikkje same stasen... Han er ikkje så flink å gå i band og endå dårlegare å springe i band! 

I fjor gjekk eg til det steg å investere i ein sykkel. Men  når sant skal seiast, er den det ein kallar MEGET  pent brukt... 

Hjertevennen likar veldig godt å sykle... og eg har tenkt at eg vil prøve å bli med på nokre sykkelturar. Iallefall når gullgutten er heime frå hybelen og kan passe vår kjære Odin... 

Eg har gått Flofjellsvegen fleire gongar tidlegare. Men eg har aldri sykla den... Sjølv om eg er litt rusten på sykkelsetet (eg kolva kun ein gong!) så vart det ein fiiiiiin tur... 




I den livsstilsendringa eg (og vi <3 ) har vore igjennom, tenkjer eg at det er viktig å finne den herlege bevegelsesgleda.... eg er utruleg glad i flott natur... og eg sluttar aldri å lat meg fasinere av den storslåtte, vakre naturen rundt meg.... Det er ein fantastisk motivasjon for meg!  Det å kome meg ut., og det å ha ein kropp som beherskar! Utruleg godt! 

I helga vart det to" fluger " i ett smekk.... ein hærleg tur på sykkel i den nydlegaste natur.... ein kosetur saman med hjertevennen min... med kaffikanne, pannekakerøre og stormkjøkken i sekken.... <3  
OG
ein dag i bevegelse.... På ein sykkel.... Ein vel anvendt og  opplevelsesrik dag...
Eg håper på fleire av same slaget! 

God tirsdag til alle 

Blixa <3 

1 kommentar:

  1. Very interesting blog. A lot of blogs I see these days don't really provide anything that attract others, but I'm most definitely interested in this one. Just thought that I would post and let you know.

    SvarSlett