onsdag 7. august 2013

Blixa linselus og å drite i jantelova....

Alle som kjenner meg, eller har fylt meg her på bloggen  veit at eg har vore igjennom ei voldsom endring dei siste to åra. Ikkje berre har eg begynt å etet sunnare og trene. Men eg har vore igjennom to(!!!!) samlivsbrot med alt det inneberer, eg måtte selge mitt kjære Lønnetun.... og det verste av alt....mamma vart sjuk og døde...! 
Det vart litt mykje på ein gong... men eg har vore fast bestemt på å skulle klare livsstilsendringa som skulle føre til ein lettare, sunnare og sprekare kropp. Og oppi alt... så klarte eg faktisk det! 
No har eg vore stabil i vekt sidan jul! Og det kjennes godt! 
Eg kan ikkje tillate meg å slappe av.... eg må halde fokus! På både mat og trening! Dette er ikkje ein kur, men ein varig livsstil..
I fjor vår fekk eg og kjærasten spørsmål om å stille opp til intervju i Regionavisa. Vi hadde då gått ned 85 kg til sammen . Og vi stilte opp. Intervjuet handla mest om prosessen vi var inne i, og den hjelp vi hadde fått ved Røros rehab. Det vart eit bra intervju, og vi fekk mykje gode tilbakemeldingar i etterkant.  
No i sommar fekk eg nok eit spørsmål om eit intervju i lokalavisa Vestlandsnytt...
Eg tenkte veldig mykje i førekant. Eg var så redd at nokon skulle tenke at "ka ho trur ho er då?" "Ho har då fått hjelp!" eller at folk skulle tru at eg trudde (herlighet kor mykje rart en tenkjer....) at eg var bedre enn nokon annan.... Eg snakka med han som skulle gjere intervjuet....Han kom med eit viktig poeng: Eg kan vere til inspirasjon for nokon som er i same situasjon som eg hadde vore i... så eg bestemte meg for å stille opp...
Eg har fått mange gode tilbakemeldingar! Og no har eg/vi  fått eit anna spennande spørsmål.... men det vil eg skrive om seinare...

Desse opplevingane har gjort at eg igjen har tenkt på jantelova... Du store mi tid, kor styrte vi er av den. Eg har som mål å drite i heile lova... men det er lettare sagt enn gjort. Og spesielt når ein har erfart bygdedyrets sure svie...Men igjen.... eg VIL prøve å drite i jantelova....og heller bry meg om antijantelova! 

Anti Janteloven

Du er enestående
Du er mer verdt enn noen kan måle
Du kan noe som er spesielt for deg.
Du har noe å gi andre
Du har gjort noe du kan være stolt over
Du har store ubrukte ressurser
Du duger til noe.
Du kan godta andre
Du har evner til å forstå og lære av andre.
Det er noen som er glad i deg....

Tenk om vi alle kunne klare å leve etter dette! Tenk kor godt vi kunne få det! Ønske kvarandre det beste og vite at både eg og og du er spesielle og kan få lov å vere stolte av! Skal vi prøve?!? 
"Yesssss ej kan nåke!!!"


Med ønske om en gooood onsdagskveld 
En antijantelovklem  frå linselusa <3 

PS: Min kjære Thomas har begynt å blogge... en spennande blogg. Besøk han gjerne her....


6 kommentarer:

  1. Du skriv så fint Elisabeth. Fantastiske innlegg.
    Me kom att frå ferie i går, opplevd mykje. Men ein fin stad eg la merke til var Sokndal kommune som er medlem av Cittaslow sidan 2003. Hovudmålet er å betre livskvaliteten og skape identitet for heimplassen. Jantelova er gravlagt i sentrum og erstatta med Anti-Jantelova. I veke 39 arrangerer dei kvart år Kjærleiksveka... Mange stadar hang raude hjerte med ulike påskrift av positive setningar og fine ord.
    Tenk om noko sånt kunne vere motto for våre bygder..

    Stå på ! Du er unik !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
    Svar
    1. Sokndal kommune har forstått det, Anne-Mari! :) Lat det iallefall vere VÅRT motto.... så han synge han Michael Jackson:
      I'm Starting With The Man In
      The Mirror
      I'm Asking Him To Change
      His Ways
      And No Message Could Have
      Been Any Clearer
      If You Wanna Make The World
      A Better Place
      Take A Look At Yourself, And
      Then Make A Change

      :) Takk for fine ord... Ja, eg er unik... og det er du også! :)

      Klem

      Slett
  2. Så flot at læse. Du er en stjerne! Stå på og bliv ved med at følge glæden. Det er vejen. Så glad på dine vegne. Og tak fordi du inspirerer og skriver om det.

    God klem.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for fine ord, Lene :) Tenk om eg kan vere til inspirasjon for nokon :) DET hadde vore noko det! :)

      Ha ein fiiiin søndag :) Klem

      Slett
  3. Såg deg i Vestlandsnytt vetdu, og såg no Helen la ut link om bloggen din ;)
    Du er kjempe sterk!!! Stå på! Du har jaggu meg bra pågangsmot.
    Jeg har selv gått ned 14kg siden januar i år, og nå er mitt nyte mål å stille som Bikini Fitness... Og joda hehe jantelova lenge leve her ute, men e kunne ikke brydd meg mindre! Det er mesunelse MYE av det husk det, lettere å "rakke ned på andre" prinsippet desverre.
    Vi skal vise dem! Lykke til videre <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Victoria :) Dream it... wish it... do it! :) Høyres spennande ut me Bikini Fitnes :) Du må ha so masse lykke til me drømmen din... :) Gler mej til å sjå/høyre om resultatet! :)

      Slett