søndag 6. januar 2013

Uro...

Denne uro e ein vind
som rive i seilet,
- et sting i søvnig sinn.
Denne uro e ein sti
Mot ukjent(e) landskap,
mot alt som kan gå meg forbi.
Så min uro må bli.

Denne uro e ein gnist
som tenne opp bålet
og blir ein brann te sist.
Denne uro e ein del
av liv eg har levd i.
For den som sette alt på spel,
har ein uro i sjel.

Må min uro holda stand
som vind, som bål og brann.
I alt eg har av tilmålt tid:
La min uro forbli.

Høyr vamp sin uro her om du vil....

Hele dette nye året har eg gått med slik ei uro i meg... eg har ikkje kunna sagt kva det har vore... akkurat som eg har svelga ein stor stein... Kjent meg deppa.... joda eg har hatt influensa... så ikkje så mykje å rope hurra for akkurat.... Men uroleg?.... skikkeleg uroleg? I går kveld gjekk eg og venta også.... kvar gong eg høyrte ein bil, kvapp eg.. men eg skulle ikkje få besøk... rart...

 Uroen fylgte til soverommet der draumane let vente på seg. Eg sovna ikkje før langt på natt... og i dag tidleg såg eg kvifor... ein kjær ven hadde sendt ein SMS.... Eg har ikkje hatt so mykje med denne vennen å gjere på ei stund, men likevel kunne eg kjenne på meg at noko er gale... 

Slike opplevelsar gjer at eg undrar meg på... må det ikkje vere meir mellom himmel og jord enn det vi ser og 100% veit om.... ? Eg berre spørr..... 


God søndag ønskast frå ei urolig og spent Blixa.... <3 






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar