fredag 4. januar 2013

Draumar...

I Romjula fekk eg med meg ein fin minikonsert på Madelyn. Den hadde navnet Stjernesludd... Rolig musikk og to av musikarane har eg faktisk passa når dei var små... :) 
Men iallefall.... den siste låta dei spela var berre så fantastisk... det er Erik Bye som har skrive den. Eg har lese en plass at Drøm var det siste Erik Bye skreiv før han døde... Tankevekkande syns eg... Erik Bye var vel eigentleg ein som jakta på draumane sine... som turte å sjå inni hjartet sitt... Tenk at han av alle skulle ville fortelle oss kor viktig det er å høyre på draumane sine? 

ERIK BYE – DRØM

Bærer du en gammel drøm
kanskje en yr, ustyrlig drøm
helt fra den gang du var liten
og ingen drøm for stor?

Gi den vinger, ikke vent
tidsnok kan de bli for sent
fly på vindens brede rygg
dit ørn og ravner bor!

(om du har spotify kan du høyre sangen HER)

Eg har alltid vore ei med draumar... Store høgtsvevande draumar... I mange år drøymde eg om å leve eit annaleis liv... Selge alt eg eigde å kjøpe meg eit lite gardsbruk der ingen skulle tru at nokon kunne bu.... eller starte kafe... eller ein kulturbank... eller... reise verda rundt... Ja draumane har vore både store og gode... Og eg har kosa meg med draumane mine. Ei stund samla eg faktisk bord til den kjekke kafeen som eg skulle starte :) hi hi :) Dokke kan tru at han eg var gift med var glad for alle dei gamle sjarmerande borda  som tok all plass i garasja vår :)

Og draumane mine no? Ein prins på ein kvit hest hadde vel ikkje vore til å forakte :) hi hi :) Mange draumar skal berre vere draumar... trur eg.. alle draumane våre kan ikkje gå i oppfyllelse... dessverre... men nokre draumar.. ja dei skal vi verkelegen gå for... 

Ein slik draum har gått i oppfyllelse for meg! Med min nye livsstil har eg gått ned 55 kg! Det har kosta litt.. men slik er det. Skal ein draum verte til verklegeheit må ein jobbe for det! Men det er verdt det!  Eg føler meg vel i den "nye" kroppen min... Draumar kan gå i oppfyllelse... :) 

Har du ein draum som skal få vengjer?  Ein draum som skal verte noko anna enn ein draum?Husk kva Erik Bye sa:  Ikkje vent... det kan verte for seint!! 
Og du har ingenting å tape!

 Husk:
“Shoot for the moon. Even if you miss, you'll land among the stars.”

<3 God helg frå Blixa <3 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar