lørdag 31. august 2013

Laurdagskos

I dag er siste sommardagen... Ein skulle tru at den ver heilt over når ein kikar ut... Det regnar og bles, men inne har vi det koselig vi to...<3  Hjertevennen og eg. Eg har laga Bananlappar. Om ein har lyst på noko godt, treng det absolutt ikkje å vere så usunt!Det finst alltid eit alternativ. 

Bananlappar  
2 egg
1 dl havregryn
0,5 dl cottage cheese
1 mosa banan
1 ts kardemomme

Bland alt og steik i steikepanne eller på takke... God som dei er, og endå bedre med litt brunost og ein sylteskvett :)

Snart skal eg på treningssenteret for meir laurdagskos! Der skal eg  køyre igjennom spinningprogrammet mitt :)  Mandag skal eg nemmleg prøve meg som spinninginstruktør :) Skummelt og spennande på samme tid! Men ei utfordring er ikkje til å forakte! Så eg hoppar i det, og håpar at nokon kan ha glede av det eg snekrar i hop :)

Dagens tanke: Laurdagskos kan vere så mykje meir enn usunn mat! Kos deg med det som kroppen fortjener! Sunn mat og gode oplevelesar saman med gode mennesker som veit å sette pris på deg! 

Laurdagsklem frå Blixa <3 

2 kommentarer: