søndag 11. august 2013

En drøm vart til virkelighet!



I går gjekk en gammal drøm i oppfyllelse! Eg har i mange år drøymt om å bestige Skålatårnet i Loen... Men i mange år har kroppen vore tung... så tung at ein slik tur ikkje hadde vorte noko stas.... For mange år sidan gjekk Elias (sonen min) saman med far sin dit... og sidan då, har eg drøymt om å kome meg opp dit.... 

 I fjor var vi heilt bestemte på at vi skulle kome oss opp.. men sommaren gjekk oppi sjukdom, sorg og regn.... I vår sat vi og planla litt av det vi skulle fylle sommaren med. Og ein av det vi ville gjere var ein  tur til Skålatårnet....


I går vart draumen til verklegheit!!! :) Eg har høyrt at turen er svært bratt... og hard.... at  ingen av dei 1843 høgdemetera skulle ein få gratis.... 
Vel.. skal ein draum bli til verkelegheit, så må ein av og til ta sjansar! Mottoet mitt er at ein får til det ein vil... 

Men så er det dette været då... Vi har fylt med heile veka... eine dagen skulle været vere vått .... og neste dag eit nydeleg vær.  Og Storm og Yr er heller ikkje alltid einige i kva vær som skal kome. Laurdags morgon var det plutselig fare for regnbyger. Men vi tok sjansen! Og det angra vi ikkje på! Været heldt seg... berre litt trolsk skodde som leika seg i fjelltoppane innimellom. Noko som gjorde turen endå flottare og majestetisk. 


Yeah! En drøm vart til virklihet! :) 
Turen vart fin... veldig fin og uforgløymeleg! I godt lag.... fint vær... og den flottaste og mest fasinerande natur! Kan ein ønske seg noko meir? Nope! 
For meg var det ein gammal draum som gjekk i oppfyllelse... Turen var ikkje så knallhard som eg hadde sett føre meg. Eg trudde det var brattare og lengre. Så eg klarte det med gooooood margin! Og det vart ei god erfaring....  
Då Thomas og eg flytta saman, fekk eg ei gåve med han....  eit bilde... På bilde står det:

"Sammen skal vi gjøre våre drømmer til virkelighet"
I går vart ein av mine draumar til verkelegheit... saman med min kjære.... :) 

Har du ein draum du skal gjere til verkelegheit? Saman med nokon som du er glad i? 
Det er veklegen til å anbefale.... 

"Bærer du en gammel drøm

kanskje en yr, ustyrlig drøm
helt fra den gang du var liten
og ingen drøm for stor?

Gi den vinger, ikke vent

tidsnok kan de bli for sent
fly på vindens brede rygg
dit ørn og ravner bor!"
Erik Bye

Medan du  drøymer, kan du høyre den fine og sanne songen HER

Med ønske om ein fiiiiin søndag, fylt med draumar som kan verte til verklegheit 
Blixa <3 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar