lørdag 22. desember 2012

... minn oss om at julens bud er kjærlighet og fred ....




I år er det fyrste jula.... utan mamma.... fyrste jula der vi ikkje bur i Lønnetunet... fyrste jula vi skal feire utan Elias sin pappa... 

I år det det fyrste jula i denne heimen vår. Rart kor livet kan snu, og verte noko heilt anna enn ein drøymte om... eller planla... eller håpa på... 

Men det er ikkje sikkert at det vert so aller verst likevel? Vi har alltid helde på tradisjonen at juletreet skal pyntast på lisjejulaftan. I år tok vi å pynta det den 21. :) Min kjære bror hadde vore å hogge tre i skogen. Må seie eg syns det var eit svært sjarmerande tre :) 

Dei fine englane som eg har fått med oldemora mi på 70 talet ein gong har fått seg ein plass i stova ...

Og fine blomster frå gode og kjekke Svanhild og John... 
Og nissane... som betyr så mykje for oss.. Mamma laga slike nissedokker... og i fjor visste ho vel i hjerte sitt, at det var siste jula ho fekk vere saman med oss... så då fekk vi borna litt kvar... Gode snille mamma mi <3 

Eg har ikkje ståka slik til denne jula. Eg har heller kosa meg saman med gode venner og familie... Å ta seg tid til et kafebesøk eller ein tur saman med ei venninde... Det er viktig for meg! 

Det er den fyrste jula for mange ting i år.., men det betyr ikkje at jula ikkje kan verte fin? Mamma vil vere med oss, sjølv om ho ikkje er saman med oss... og vi har klara å lage det julekoseleg her i vår nye og midlertidige heim... Det er ikkje berre i Lønnetunet som kan vere kos... 

"Du stjerne over Betlehem, send dine stråler ned,
og minn oss om at Julens bud er kjærlighet og fred.."

Er det ikkje det jula handlar om? Kjærlighet og fred? Då er det kanskje ikkje så viktig kvar ein bur? Og heldige oss har mykje familie rundt oss... Og at vi saknar mamma er vel eit godt teikn på at ho var ei flott mamma og besta som gav mykje kjærlighet... Som vi kan gjøyme i hjarta våre... 

Vi har mykje å vere takknemlege føre... Jula skal verte fylt med kjærlighet og fred...  Og det ynskjer eg for deg og dine også <3 

To dagar att  til julaftan! Og oppfordringa er: Prøv å fyll dagane med gode ting!!! Og ikkje gløyme å puste ;)

God førjulsklem frå Blixa <3





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar