tirsdag 25. desember 2012

Hjertefred og hjertevarme

Fyrste juledag i Casa de Sekkehus har vore ein rolig dag... vi har kosa oss skikkeleg me ikkje mindre enn tre filmar i joggebukse og ullunderskjorte og kaffi i koppen og godis på bordet.... Kun avbrote av ein tur på treningssenteret og ein tur med hunden.... :) 

Det slår meg veldig ofte at eg eigentleg er veldig heldig... sjølv om året i år ikkje vart noko av det eg verken håpa eller drøymde om, har eg jammen mykje å ver takknemmleg for. Sjølv om nokon vel behandle meg dårleg... så er her jammen mange som har omtanke for meg og mine på ein måte andre berre kan drøyme om å oppleve...  Eg er heldig...

Eg hugsar julene når eg var lita... store forventningar... spesielt til gåvene. I år hadde eg ingen julegaveønsker. Eg ville berre overleve kvelden. Eg overlevde med god margin! Og under treet var der faktisk mange gåver til meg.... gaver frå gode venner og familie som tenkjer på meg og ynskjer meg og mine vel! Så godt å vite! Eg fekk mykje fint! :) 

Men der  var to ting så varma hjerte mitt ekstra.... det eine var den flotte koppen på bildet. Eg har altså fått den av ekssvigermor mi.... Ho står på den lokale bruktbutikken her... og eine dagen var eg innom og kika etter fine gamle koppar. Men der var liksom ikkje noko. Ho visste råd ho... ho fann ein i skapet heime med seg sjølv. Då eg var ein del av familien, stod denne koppen framme.... Og no har den altså fått ny og glad eigar! Ein eigar som kjente hjertevarme frå givaren...
At jula utan mamma skulle verte tøff, hadde vi belaga oss på. I heile mitt liv har eg berre feira jul ein gong utan henne... pluss i år då... Ho har vore med oss i tankane og vi har prata om henne ein heil del. Vi har vore på grava med både hjertekrans og lys... 

Tårene trilla då eg opna julegåva frå eit syskenbarn av meg... Ho hadde vore på Bjørg Thorhaldsdottir sitt arrangement  Hjertefred....<3 På innpakningspapiret hadde ho skrive ei heil masse... og veit du? Ho hadde sendt opp ballong for mamma... Snakk om hjertevarme! Og at ho tenkte på meg og syskena mine i jula... ja det kan gi hjertefred... Vi fekk kvar våra fyrstikkeske.... Og der stod det "Mennesker lever så lenge vi husker dem" 

Så fin ei påminning! Mamma skal leve så lenge vi huskar henne... Godt å tenke på! 

Vi overlevde julekvelden... med god margin...takka vere gode menneker rundt oss.... mennesker som har oss i tankane og viser oss hjertevarme.... noko som igjen kan gi hjertefred... Eg er eigentleg heldig...trass alt... <3 Veeeeeldig heldig... <3 

God klem frå Blixa som vil sende hjertevarme og hjertefred.... til deg.... <3 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar