søndag 30. desember 2012

Det året det var så bratt....

Romjula er alltid fin til ettertanke synast eg. Eg tenkjer på året som har gått, og året som er på veg. I mange år kjende eg på vemodet kvar gong eit nytt år melde seg. Eg syns alltid at året som hadde gått,  var så bra, at neste år umogeleg kunne verte like bra... det er nokre år sidan det var slik sist. Og 2012 skal eg prise meg lykkeleg for at 2012 er ferdig! For det var året som var så bratt... Klok av skade er det mykje eg har lært:
  • Eit hus er kun fire veggar... ein heim er der dei du er glade i bur ... Men det er greit å lengte etter huset som har vore heimen din i mange år.... 
  • Kyssesykja har slett ikkje med kyssing å gjere.. men er ein lumsk sjukdom som tek tid å verte kvitt...Og svært kjedeleg å få i vaksen alder...
  • Å sjå eit menneske verte "oppeten" av kreft er det tøffaste... og når det er mamma det gjeld, er det  uuthaldeleg
  • Å miste mammaen sin er grusomt... sjølv om ein sjøl er voksen... og sorg får ei ny meining.
  • Det er veldig mykje å ordne praktisk etter eit dødsfall... og ein må bruke krefter ein ikkje har....
  • Tanter er ein fin ting! 
  • Å verte tante til ein svært ønska gut var stort... megastort. Og det er godt med ei stor glede midt i ei djup sorg...
  • Dei tre søte orda "Jeg elsker deg" betyr slett ikkje det same for alle. 
  • Walk that talk.... ord er berre ord... ein må sjå på handlingane til eit menneske... utan handling ingen innhald i orda... og orda får ingen meining...
  • Ein kan ikkje ta valg for andre... sjølv om andre tek dårlege valg.. valg som går utover mange andre... må ein berre innfinne seg med det. 
  • Ved å hengi seg totalt til eit menneske, er ein veldig sårbar... og ein kan verte knust i tusen bitar og fotfestet forsvinn på eit blunk...
  • Det er vanskeleg å gå vidare i tusen bitar og utan fotfeste...
  • Gode venner kan lappe ein saman og hjelpe ein til å finne ein veg...
  • Gode venner er gull verdt! Og må vere himmelsendt! Og eg er heldig... Eg har dei beste!
  • Rikdom er så mangt.. venner og familie er ein stor rikdom... og ein fantastisk son er kanskje den største...
  • Eg meistrar fullt og heilt ut den nye VARIGE livsstilen... sjølv når det stormar som verst rundt meg!
  • Eg klarar alt eg vil... og eg har bestemt meg for at eg er verdt det beste... kun det beste! 

"Gud gi meg sinnsro til å godta det jeg ikke kan forandre. Mot til å forandre det jeg kan, og visdom til å se forskjellen." 


Eg har vorte klok dette året... læringskurva har vore bratt... Eg er glad at 2012 snart er over... og vi får eit heilt nytt ubrukt år! Eit år ein kan fylle med akkurat det ein vil.... eg vil fylle det med glede, nye og gamle vennskap, gode opplevingar som turar og konsertar... reiser... trening...Små kvardagsgleder... Eg vil ønske 2013 hjarteleg velkomen... eg har trua for at det det skal verte året! <3 Året for meg... og året for deg! Takk for det gamle.... og 2013... ver du velkomen <3 

Nyt dei siste to dagane av 2012... og ha ei fanstastisk nyttårsfeiring! 

God positiv og oppmuntrande nyttårsklem frå Blixa <3 






8 kommentarer:

  1. Elisabeth, du har så rett med det du skriver
    <3
    du har så fin blogg <3
    gla i deg

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, gode Silje! Ej e gla i deg og!!! <3 God klem <3

      Slett
  2. Nydelig skreve..
    Og du har SÅ rett i det du skriv!!

    Guds Signing over det nye året <3

    Stor klem sendt din veg :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for både klem og Guds Signing, Sigrid! <3

      Slett
  3. Stå på ,Elisabeth! - og blogg på!

    Klem fra meg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Line!! Og JAAA!! Eg vil blogge på! :)

      Slett
  4. Ønsker deg virkelig et godt 2013!

    SvarSlett