mandag 12. mars 2012

Heime igjen....


So var eg nede igjen frå den vakre fjellheimen.... til havlandet... Snøen og påskestemninga er bytta med regn og vind og ruskever... Kontrastane er store...

Livet mitt er for tida fylt med store kontrastar.... 
glede og sorg.... 
latter og tårer....
håp og håplausheit

Mamma kjempar kampen mot krefta... cellegifta som skal hjelpe henne, gjer mykje vondt mot henne også...

Det går berre meir og meir opp føre meg at vi må ta vare på den tida vi har... leve det livet vi ynskjer... livet som er rett for oss.... Ikkje vente til i morgon...

"Morgendagen er ikke lovet deg i gave
Det eneste gaven du har er øyeblikket HER og NÅ
Og muligheten til å gjøre det beste utav akkurat det øyeblikket.
Så smil.
Elsk.
Vær takknemlig for gaven din her og nå..."


God tirsdag ønskast frå meg til deg <3 




6 kommentarer:

  1. kjenner på kroppen min - kampen dere har no ...

    Stå på og lev no --- monikasmil

    SvarSlett
  2. Svar
    1. Takk... og JA, eg treng alle dei klemmar og den omtanke eg kan få.... Sender tilbake ein god klem til deg...

      Slett
  3. Kjenner meg så godt igjen - frå dei gangane eg har vore pårørande og vore vitne til kampen.....Det er så viktige ord du deler i dag - det om å leve livet sitt her og no og ikkje vente til i morgon. Sender deg ein varm klem med mykje håp i:-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, er det nokon som kan sette seg inni situasjonen våra, janne Tove, må det vere DU! Takk for klem med håp... Det varma heilt inni hjerterota!

      Slett