tirsdag 18. desember 2012

Motivasjon og inspirasjon....


Motivasjon og inspirasjon er kanskje eit rart tema no heilt inni jula tenkjer du? Ja, det er kanskje det... men i denne søte juletid er det kanskje ekstra viktig å samle motivasjon og inspirasjon... slik at ein tek bevisste valg på korleis en ønskar livet sitt... For er det ikkje ofte slik at ein trur ein må gjere det same som "alle andre" til jul? At ein må ståke å lage mykje god mat og kjøpe dyre flotte julegåver? 

Tidlegare medan eg var Lønnetunsfrua... då likte eg så godt å ta naturbileter... Alle så hugsa bloggen min "Livet i Lønnetunet" hugsa også flotte bileter teke på tur i fjøra eller på fjellet.... Eg elska det...
Då eg vart separert miste eg gleda av å ta bileter.  Og fann den ikkje igjen før eg oppdaga nokre fantastiske inspiratorar på INSTAGRAM... Wow! Kor fine motiv enkelte finn... og deler! Eg vart inspirert... og motivert! Er du på Instagram må du sjekke ut astavadset, steffansund, iastokke, lenemegan.Dei har fine bileter på kvar sin måte... til inspirasjon... Og eg elskar det! 

Å finne inspirasjon og motivasjon til ein ny livsstil kan vere vanskelig.. eller lett :) Ein må finne ut kva liv ein vil leve... Eg har valt eit lettare liv. Og det har eg til no funne motivasjon til...Eg føler meg bra! Den sunne maten gjer at kroppen funkar godt! Og treninga gir meg ein blant anna ein smidigare kropp... Og så er det kjekt å klare litt meir enn sist ein var på trening! Det gir inspirasjon til å fortsette... Eg har nådd målet mitt kg-messig... no er det inspirasjon til å halde den nye livsstilen som gjeld.. :)

"People often 
say that
motivation doesn`t last
Neither does bathing
That`s why we
recommend
it daily"
Zig Zigglar

Korleis kan ein klare å finne motivasjon og inspirasjon til å leve slik ein verklegen ynskjer? Eg har funne min måte.... eg må tenkje på det livet eg ynskjer... og tenkje på kvifor eg ynskjer det? Også må eg oppsøke mennsker som ynskjer noko lunde det same... enten det gjeld å halde ei rolig "nonstress" førjul/julefeiring eller det gjeld bilder og Instagram... eller ei varig livsstilsendring.... Og fylle på med mykje motivasjon... kvar dag!!! DÅ kan ein kanskje lykkast...

Kva gir deg inspirasjon? Har du tenkt over det? 

Ynskjer deg gode førjulsdagar fylde med det liv DU ynskjer å leve... <3 

God klem frå Blixa som er i det filosofiske hjørnet :) 

tirsdag 11. desember 2012

When you wish upon a star...

 Det har vore nokre nydelege dagar, til stor glede for radarparet her heime... (hunden og eg). Vi har vore på lange turar kvar ein einaste dag. Lange turar langs Melkeveien.... Kika på stjernene... I bekmørkret er det fantastisk å sjå den flotte stjernehimmelen! Og et og anna stjerneskuddet har vi også fått sett... Magisk, spør du meg... og ein får ønske seg noko... 

Ønske må vere hemmeleg...for dersom eg deler det, går det ikkje i oppfyllelse ;)


Dagens oppfordring: Ut å sjå på stjernene.... Det er magisk! 

God klem frå Blixa <3

torsdag 6. desember 2012

Førjulstid...

 I mitt "forge liv" heldt eg på mange juletradisjonar. Al skulle vere perfekt til jul. Huset skulle vere nedvaska.... og minst sju småkakesortar og anna bakst... lefser, fårerull og så vidare... Og alle juleavslutningane... 

Kjekt med tradisjonar... men ein bør kanskje velge kva som er viktigast? For i ein travel kvardag kan ein ikkje få til alt... Eg vart alltid sjuk like før jul før... eg trur det var kroppen si måte og seie ifrå at nok er nok... Men eg nekta å høyre, for jula skulle no vere perfekt...

Eg trur eg har vorte klokare med åra.. eg har iallefall heldivis kome på betre tankar. Alt dette matstyret passar ikkje inn i min nye livsstil... Eg skal kose meg med god mat i jula... men eg treng slett ikkje å ha alt...  Litt kaker er no kjekt å ha! Så to sortar har kome i boks... ferdig med det! Og ellers har dei mykje godt på butikken! 



Det vert nok ei merkeleg jul... Ikkje berre er mamma vekk... men det er også vår fyrst jul utan Elias sin pappa.... Altså  han eg var gift med.... og fyrste jul i ny bustad... Eg lengtar fortsatt til mitt kjære Lønnetun.... <3 Og kanskje derfor er  det ekstra viktig å lage trivelege stunder her vi bur... Så her spelar vi julemusikk til frukost... vi tenner lys og kjenner på gleda det er å vere ilag.... 
og vi har bestemt at vi skal ta vare på kvarandre.... Så får nedvask vere nedvask, kaker vere kaker og avslutningar vere avslutning... vi gjer det vi syns er kjekt og det andre let vi være... 

For jula handlar vel eigentleg om heilt andre ting... nemmeleg:
Love, Peace and rock`n roll :)

Ha ei fin adventstid. og husk å gjere det som er bra for deg og ikkje det du trur er forventa! 

Klæm <3










lørdag 1. desember 2012

Drit i jantelova!! :)



Har du nokon gong tenkt på kor styrte vi er av jantelova? At den kan hindre oss i følge draumane våre? Tenk om vi alle kunne klare å drite i jantelova... både når det gjaldt oss sjøle og andre.. At vi kunne vere frimodige å tru litt meir på oss sjøle.... og rose andre... istaden for å gi dei en følelse av at dei ikkje strekkjer til.... Slutte å sladre om andre for å heve seg sjøl.... Da trur eg kunna mykje spennande kunne ha skjedd... Kanskje vi skal begynt å leve etter Anti jantelova i staden for?

Anti jantelova

Du er enestående
Du er mer verdt enn noen kan måle
Du kan noe som er spesielt for deg
Du har noe å gi andre
Du har gjort noe som du kan være stolt av
Du har store ubrukte ressurser
Du duger til noe
Du kan godta andre
Du har evner til å forstå og lære av andre
Det er noen som er glad i deg

Skal vi prøve å sjå kva som skjer? Vi gjer det da!! 
Go laurdagskveld til deg og dine som faktisk er enestående! Gløym no ikkje det! <3

Klem <3

torsdag 29. november 2012

Om å bestige fjell ...

Om å bestige fjell...

Som du sikkert veit har eg fått god hjelp til ei livsstilsendring på Røros rehabilitering Dei har vist meg vegen til eit nytt og veldig mykje bedre liv! Eg har gått ned over 50 kg... og veit du? Det er faktisk  ganske stor forskjell på den kroppen eg har no, versus den eg hadde. Denne lystrar... når eg tenkjer dans, ja så dansar eg... og når eg tenkjer spring... ja jammen kan eg springe! Fantastisk!!! <3 Eg byttar ALDRI ut den nye kroppen mot den gamle! 

Då vi var på Røros i februar, snakka ein gjeng om at vi skulle prøve å bestige Snøhetta ved neste opphald som skulle vere i august.

Mange av oss på Røros har lavt sjølvbilde. Ein maglar trua på at ein kan noko... eller kan klare noko.. kanskje noko som er sjølvsagt for alle andre.... Og at ein ikkje vil utsette seg sjølv for det nederlag som det er å ikkje meistre....



Mange spørsmål melde seg....Ville vi klare det? Kom turen til å verte for tøff? Ville vi måtte snu før toppen? Ein mister litt trua på seg sjølv, og fleire som i utgangspunktet hadde planer om å vere med trekte seg... Vi var tre som for avstad for å prøve.... 



Vi fekk ein fantastisk flott opplevelse! Ur og atter ur... men du og du for ei utsikt som møtte oss når skodda letta medan vi var på toppen! Vi såg mot Jotunheimen og alle 2000 metertoppane der.... Eg fekk ein følese av å vere på toppen av verda!
Det var heilt ubeskriveleg!!! FOR ein følelse! 

Er det ikkje litt slik med livet også? Ein skal bestige mange "fjell" Og ofte må ein igjennom ein kamp og ein strid... klatre over nokre berg med vanskelegheiter og hoppe frå bekymring til bekymring.... men der framme.... der på toppen... der  oppe ventar verdas flottaste ¨"utsikt"...? 

Jennifer Gale seier det så flott:

"The  challenges you are facing right now may seem to be too big to overcome.
Trust in yourself, have faith in the process. 
Breathe.. and take just one step followed by another, and another,
and you will conquer your montain.... "

Eg nådde Snøhetta utan problem :)... 

Eg reknar med at du som meg har  andre "fjell" som skal bestigast... Men det klarar vi med glans!!! Vi får begynne med eit steg... eit steg i gongen mot målet...det skal gå fint det! :) Sant?!? 

God klem frå fjellgeita <3 










onsdag 28. november 2012

Når en dør lukkes...


Dagens god-ord:


"Når det lukkes en dør, bør det alltid åpnes en champagneflaske
så åpnes et vindu "


mandag 26. november 2012

Et lite livsteikn...



Det har storma noko voldsomt rundt meg sidan sist. Det vart ein laaaaang omveg. Men no trur eg at eg er på rett veg. Iallefall på veg til rett veg. 

Eg har vore igjennom store endringar i livet... Nokre sjølvvalgte og andre slett ikkje.... 
Sidan mai i fjor har eg vorte skilt, solgt mitt herlige Lønnetun, flytta, fått meg ein fantastisk kjæreste, mista mamma mi, gått ned over 50 kg, vore i stor sorg, og vorte dumpa av kjærasten medan eg hadde det som verst....

Då var botnen nådd... Eg kunne ikkje kome lenger ned. Eg hadde meg nokre veker då magen var like uroleg som like før eit tannlegebesøk der ein veit at ein skal blombere... Og eg vart  deperimert... Eg trur eg var heilt i sjokk over det heile.... Eg unner ikkje min verste fiende å oppleve dette (om eg hadde hatt ein då ;) 

Men no har humøret kome attende! Heldige meg som er velsigna med eit lett humør. Eg klarar å sjå lyst på livet igjen... Livet vart slett ikkje slik eg verken hadde håpa eller drøymt om... eg skulla så gjerne ha vore forutan tap på tap... men slik vart det ikkje... og eg kan ikkje bestemme korleis andre skal verken føle for meg eller behandle meg. Men eg kan bestemme meg for korleis eg vil takle det! Og øve meg på å stå sterkt i eigen kjærleik! Det er opp til MEG! 

"Ikke tråkk på meg, når jeg ligger nede, 
da har jeg det ille nok allerede
ikke snakk stygt om meg, når du tror jeg ikke hører
Det vil før eller senere nå mine ører.
Aldri undervurder meg
Jeg er ikke så svak som du tror
Jeg kan hvis jeg vil eller må bevise
At styrken min, den er stor" (Anita)

Ja, STYRKEN ER STOR! For eg ser kor heldig eg er! Eg har klart å gå ned over 50 kg! Eg har fått eit nytt liv!!  Eg er priviligert... eg er mamma til verdas kjekkaste gut, eg har ein snill snill hund som alltid er villig til ein tur. Eg har anna familie og venner som er gull verdt! Og det vert spennande å sjå kva som ventar rundt neste sving... Eg har på følelsen at det er noko heilt fantastisk...vidunderleg.... hærleg.... :) Ja... eg har det på følelsen <3 

Vi bloggast! 

God klem frå Elisabeth <3