tirsdag 18. desember 2012

Motivasjon og inspirasjon....


Motivasjon og inspirasjon er kanskje eit rart tema no heilt inni jula tenkjer du? Ja, det er kanskje det... men i denne søte juletid er det kanskje ekstra viktig å samle motivasjon og inspirasjon... slik at ein tek bevisste valg på korleis en ønskar livet sitt... For er det ikkje ofte slik at ein trur ein må gjere det same som "alle andre" til jul? At ein må ståke å lage mykje god mat og kjøpe dyre flotte julegåver? 

Tidlegare medan eg var Lønnetunsfrua... då likte eg så godt å ta naturbileter... Alle så hugsa bloggen min "Livet i Lønnetunet" hugsa også flotte bileter teke på tur i fjøra eller på fjellet.... Eg elska det...
Då eg vart separert miste eg gleda av å ta bileter.  Og fann den ikkje igjen før eg oppdaga nokre fantastiske inspiratorar på INSTAGRAM... Wow! Kor fine motiv enkelte finn... og deler! Eg vart inspirert... og motivert! Er du på Instagram må du sjekke ut astavadset, steffansund, iastokke, lenemegan.Dei har fine bileter på kvar sin måte... til inspirasjon... Og eg elskar det! 

Å finne inspirasjon og motivasjon til ein ny livsstil kan vere vanskelig.. eller lett :) Ein må finne ut kva liv ein vil leve... Eg har valt eit lettare liv. Og det har eg til no funne motivasjon til...Eg føler meg bra! Den sunne maten gjer at kroppen funkar godt! Og treninga gir meg ein blant anna ein smidigare kropp... Og så er det kjekt å klare litt meir enn sist ein var på trening! Det gir inspirasjon til å fortsette... Eg har nådd målet mitt kg-messig... no er det inspirasjon til å halde den nye livsstilen som gjeld.. :)

"People often 
say that
motivation doesn`t last
Neither does bathing
That`s why we
recommend
it daily"
Zig Zigglar

Korleis kan ein klare å finne motivasjon og inspirasjon til å leve slik ein verklegen ynskjer? Eg har funne min måte.... eg må tenkje på det livet eg ynskjer... og tenkje på kvifor eg ynskjer det? Også må eg oppsøke mennsker som ynskjer noko lunde det same... enten det gjeld å halde ei rolig "nonstress" førjul/julefeiring eller det gjeld bilder og Instagram... eller ei varig livsstilsendring.... Og fylle på med mykje motivasjon... kvar dag!!! DÅ kan ein kanskje lykkast...

Kva gir deg inspirasjon? Har du tenkt over det? 

Ynskjer deg gode førjulsdagar fylde med det liv DU ynskjer å leve... <3 

God klem frå Blixa som er i det filosofiske hjørnet :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar