torsdag 29. november 2012

Om å bestige fjell ...

Om å bestige fjell...

Som du sikkert veit har eg fått god hjelp til ei livsstilsendring på Røros rehabilitering Dei har vist meg vegen til eit nytt og veldig mykje bedre liv! Eg har gått ned over 50 kg... og veit du? Det er faktisk  ganske stor forskjell på den kroppen eg har no, versus den eg hadde. Denne lystrar... når eg tenkjer dans, ja så dansar eg... og når eg tenkjer spring... ja jammen kan eg springe! Fantastisk!!! <3 Eg byttar ALDRI ut den nye kroppen mot den gamle! 

Då vi var på Røros i februar, snakka ein gjeng om at vi skulle prøve å bestige Snøhetta ved neste opphald som skulle vere i august.

Mange av oss på Røros har lavt sjølvbilde. Ein maglar trua på at ein kan noko... eller kan klare noko.. kanskje noko som er sjølvsagt for alle andre.... Og at ein ikkje vil utsette seg sjølv for det nederlag som det er å ikkje meistre....



Mange spørsmål melde seg....Ville vi klare det? Kom turen til å verte for tøff? Ville vi måtte snu før toppen? Ein mister litt trua på seg sjølv, og fleire som i utgangspunktet hadde planer om å vere med trekte seg... Vi var tre som for avstad for å prøve.... 



Vi fekk ein fantastisk flott opplevelse! Ur og atter ur... men du og du for ei utsikt som møtte oss når skodda letta medan vi var på toppen! Vi såg mot Jotunheimen og alle 2000 metertoppane der.... Eg fekk ein følese av å vere på toppen av verda!
Det var heilt ubeskriveleg!!! FOR ein følelse! 

Er det ikkje litt slik med livet også? Ein skal bestige mange "fjell" Og ofte må ein igjennom ein kamp og ein strid... klatre over nokre berg med vanskelegheiter og hoppe frå bekymring til bekymring.... men der framme.... der på toppen... der  oppe ventar verdas flottaste ¨"utsikt"...? 

Jennifer Gale seier det så flott:

"The  challenges you are facing right now may seem to be too big to overcome.
Trust in yourself, have faith in the process. 
Breathe.. and take just one step followed by another, and another,
and you will conquer your montain.... "

Eg nådde Snøhetta utan problem :)... 

Eg reknar med at du som meg har  andre "fjell" som skal bestigast... Men det klarar vi med glans!!! Vi får begynne med eit steg... eit steg i gongen mot målet...det skal gå fint det! :) Sant?!? 

God klem frå fjellgeita <3 










2 kommentarer:

  1. SÅ flott det måtte vere å nå toppen!!

    Alle har sine fjell, det har du rett i..

    Fin Advent til deg :-)

    SvarSlett