torsdag 6. desember 2012

Førjulstid...

 I mitt "forge liv" heldt eg på mange juletradisjonar. Al skulle vere perfekt til jul. Huset skulle vere nedvaska.... og minst sju småkakesortar og anna bakst... lefser, fårerull og så vidare... Og alle juleavslutningane... 

Kjekt med tradisjonar... men ein bør kanskje velge kva som er viktigast? For i ein travel kvardag kan ein ikkje få til alt... Eg vart alltid sjuk like før jul før... eg trur det var kroppen si måte og seie ifrå at nok er nok... Men eg nekta å høyre, for jula skulle no vere perfekt...

Eg trur eg har vorte klokare med åra.. eg har iallefall heldivis kome på betre tankar. Alt dette matstyret passar ikkje inn i min nye livsstil... Eg skal kose meg med god mat i jula... men eg treng slett ikkje å ha alt...  Litt kaker er no kjekt å ha! Så to sortar har kome i boks... ferdig med det! Og ellers har dei mykje godt på butikken! 



Det vert nok ei merkeleg jul... Ikkje berre er mamma vekk... men det er også vår fyrst jul utan Elias sin pappa.... Altså  han eg var gift med.... og fyrste jul i ny bustad... Eg lengtar fortsatt til mitt kjære Lønnetun.... <3 Og kanskje derfor er  det ekstra viktig å lage trivelege stunder her vi bur... Så her spelar vi julemusikk til frukost... vi tenner lys og kjenner på gleda det er å vere ilag.... 
og vi har bestemt at vi skal ta vare på kvarandre.... Så får nedvask vere nedvask, kaker vere kaker og avslutningar vere avslutning... vi gjer det vi syns er kjekt og det andre let vi være... 

For jula handlar vel eigentleg om heilt andre ting... nemmeleg:
Love, Peace and rock`n roll :)

Ha ei fin adventstid. og husk å gjere det som er bra for deg og ikkje det du trur er forventa! 

Klæm <3










1 kommentar:

  1. Heia..
    du veit det er i motbakker det går oppover,
    og eg håper du kommer deg dit opp og at om ikkje alt order seg med ein gang - så ta dei små stege - litt etter litt ...

    og så håper eg du finner gleden i der du bor no

    klem - monika

    SvarSlett