fredag 10. februar 2012

Vemodig.....


I dag kom huset vårt ut for sal... Draumehuset på draumetomta vert selt. Eg har ikkje råd å halde det, og då må det berre verte slik... Eg har brukt lang tid på å venne meg til tanken... No har eg budd i ein månad i "nyeheimen" og kjenner at her er godt å bu! <3  Men likevel.... i dag ,når eg fekk melding frå husmeglaren om at annonsa skulle kome ut på Finn i dag ,byrja berre tårene å renne... eg følte det trist og veldig vemodig. 

Då er det godt å ha ein hjerteven som kan trøyste... og kome med dei rette orda.... Og jammen hadde han ei lita gåve på lur også! 


"Sammen skal vi gjøre våre drømmer til virkelighet <3 "

Min kloke son kom etterkvart heim frå skulen, og han trøysta også mora... "Det er berre eit hus, mamma... Vi klarar oss."  Og det er sant! Vi klarar oss... og sjela og draumane våra har vi med oss.... Og saman SKAL vi gjere våre draumar verklege.... Eg gled meg på framtida.... utan huset, men med sjel og draumar.... <3 

Klem 




6 kommentarer:

  1. Ja,vil tru dette er vemodig Elisabeth.Såg bilder frå fine huset på Finn.
    Då er det godt med kloke ord frå sonen og din hjerteven♥ Nydeleg bilde:)

    Ønsker deg ei god helg!!!
    Det var so kjekt å ha deg tilbake her inne:)
    Klem frå Mette.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for godord, Mette....

      Og det var kjekt å vere tilbake også... :)))

      God morsdag til deg i Fjellro... <3

      Slett
  2. Kjenner godt den følelsen - ikkje lett å måtte ta eit slikt val, men husk at de har kvarandre - du - sonen og hjartevenen. Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje lett nei.. Takk for klemmen den varma <3

      Slett
  3. Kjære Elisabeth og gromguten:-)
    Ja dette er trist, eg har også kjent på tårene!! Men du verden så glad eg er for kvar eit nydeleg måltid, kvar ein artige spelekveld, kvar ei gode samtale, kvar solstråle på terassa og så mykje mykje meir vi har hatt i Lønnetunet. Eg er så takknemleg fordi akkurat dokke har vore og er mine vener. Alle gode ønsker i den nye heimen.... Glad i dokke. klem Camilla

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for gode ord, Camilla.... Glad i dokke også... <3

      Slett