lørdag 11. februar 2012

Rørosbrød

Her kjem oppskrifta på sunne og veldig gode brød. Det er desse brøda vi får servert på Røros rehabiliteringssenter. Dei er enkle å lage og held seg saftige og gode lenge!



Husets fiberbrød


125 gr grov rug
375 gr sammalt kveite
375 gr finmalt grovkveite
100 gr kveitekorn¨
2,5 dl havrekli
2,5 dl kruskakli
0,5 dl solsikkekjerner
0,5 dl sesamfrø
0,5 gr linfrø
50 gr fersk gjær
1,1 l vatn

Dette blir to brød i 2 liters former

Varm vatnet til 37 gr og rør ut gjæra
Slå veska i ein bolle og slå oppi alt det tørre.
Bland godt sammen. (På Røros brukar vi kjøkkenmaskin... men i mangel på det har eg erfart at rå handemakt  går også fint!! Og då får ein litt ekstra trim også ;)
lat deiga heve i ein time. Kle bakeformerne med bakepapir og AUS opp deiga... steikast 200 gr i ca 50 min... MMmmmmmm ;)


Med litt smør og magert pålegg.... :) Mmmmmm! 

Det treng ikkje alltid å vere så vanskeleg å lage sunn mat frå botnen... 

Denne oppskrifta er henta frå ei lita og kjekke kokebok som heiter "Ny livsstil - Mat og trivsel". Det er dyktige personale på Røros Rehab så har skrive boka. I den er der endå fleire enkle, smakfulle og sunne oppskrifter.Vil du bli inspirert til å lage god sunn kvardagsmat, og litt sunnare festmat, anbefalar eg deg å kjøpe den Du kan få bestilt den HER til den nette sum av kr 119,- 

Ha ein fiiiiin laurdag alle saman <3 

God klem 

5 kommentarer:

  1. Mmmm det brødet såg godt ut - eg likar best slike grove og saftige brød og brukar å lage Dansk Rugbrød frå ferdigblanda pose. Men spørst om eg må prøve dette her:-)) Takkar for gode ord hos meg og klem:-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Om du likar knallgrove brød bør du verklegen prøve dette!! I den ferdigblanda posen er det mykje salt og dette brødet er det null salt men mykje smak likevel :)

      Godorda er du vel fortent!

      God klem <3

      Slett
  2. Dette såg godt ut!
    Så flink du er :-)

    God helg og god morsdag!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Det ER godt! ;) Og ein treng ikkje vere så flink for å klare å lage det :)

      God helg og god morsdag til deg og :) PS: kjekt at du er på besøk forresten ;)

      Slett