onsdag 8. februar 2012

Kyssesykja og andre hinder....


Livet mitt er snudd opp ned og att fram på nokre månader... Og mykje har skjedd sidan sist eg blogga.... Eg har flytta... Vi har fått det såååå kjekt i vår nye heim. Heimen er ei leigd leilegheit, men vår heim er det likevel! Midt i flyttesjauet følte eg meg såååå slapp og uttappa... Eg syns eigentleg det var veldig rart då eg har tenkt  igjennom og bearbeidd alle endringane og omveltningane... men framleis skulda eg på at det hadde vorte for mykje for meg. Heldigvis har mine gode vener og herlege familie hjelpe meg meir enn ein kan  forvente og håpe på.  Den fyrste natta i ny heim vart eg sååååå sjuk! Halsen vart så hoven og sår at eg fekk ikkje til å svelge. Eg hadde feber og kvar ein lem verkte...Og det barst til legen dagen etter. Etter mykje om og men fann dei ut at eg hadde fått kyssesykje. Og det i ein alder av 40!!! Jaja... slik kan det gå :)

Men i ein livsstilsendringsprosess passar det ikkje inn med sykjer som varar... Eg får ikkje trene. Fyrst fordi det er ei fare for at milten kan sprekke... men no er det fordi eg ikkje har energi... Til å begynne med tenkte eg at eg ikkje kom til å klare denne livsstilsendringa... eg kjende på ein angst for at dette skulle vere slutten på det "gode liv" som lettare og i veldig mykje betre form... 

MEN slik skal det ikkje verte! Ein møter hinder i livet og dette er ein av dei. Eg har laga om måla mine for heimeperoden: 

1. Eg skal halde vekta
2. Eg skal ete rett.

Dette har eg klara! Om ei veke reiser eg til Røros att... Mitt opphald nr 4! Og etter det, har eg to igjen.... ! DETTE skal gå bra! :) 

Og i dag er faktisk tredje dagen eg er på "loffetur"... Det er utruleg kva friske luft å sol på nasa kan gjere! ;)

"To skritt fram og ett tilbake er like fullt et skritt fram"

 .. så det så... Det er håp i hengande snøre! Energi energi! Kom kom kom!!! 

God klem og kyssesykjekyss <3 

3 kommentarer:

  1. Dette går bra Elisabeth....for som du sier "to skritt frem og ett tilbake, er like fullt et skritt frem"

    God bedringklem til deg <3

    Trine E.

    SvarSlett
  2. Ojsann her har du hatt ei tøff tid - men flott innstilling til livet og vegen vidare vil nok bevege deg i rett retning. Godt humør og glade tankar hjelper på, same kva som skjer. Eg driv og berre og loffar for tida. Men kjenner at kroppen vert sterkare og sterkare for kvar dag - og snart er det vår - både i verda og i hjarta. God bedringsklem til deg:-))

    ps og du - det var så godt å få lest litt hos deg igjenn:-))

    SvarSlett
  3. Så kjekt at du er på blogg igjen! Har savnet deg...håper du linker til FB, det er så greit!

    Det m å jo ha vært mye for deg...god bedring og lykke til videre!

    Klem

    SvarSlett