mandag 3. oktober 2011

Den som intet våger....

Bjørg Thorhaldsdottir sitt hææærlege bilde har eg funne her....

Andre opphald ved Røros rehabiliteringssenter er snart til vegs ende. Det har for det meste vore gode dagar... dagar med mykje trening og latter. Eg har vorte veldig glade i dei andre deltakarane her. Vi prøvar å¨støtte kvarandre så godt vi kan. Vi er igrunnen i ein underleg situasjon... ei gruppe som har det til felles å sloss mot overvekta... DET er fellesnemnaren... elles er vi veldig forskjellige....
Eg har som sagt hatt gode dagar her oppe... men livet mitt er ikkje her.... eg har ikkje eit heilt team av psykiatriske sjukepleiarar, fysioterapeutar og andre fagfolk som ynskjer meg vel heime. I mitt "verkelege liv" har eg heldigvis støttespelarar.... Men det er EG som må gjere jobben, ikkje nokon annan kan gjere den for meg...Det går heilt fint, då eg verklegen ynskjer meg dette. Ei varig livsstilsendring... :) Eg er på veg!!!

Den som intet våger....intet vinner.... :)
Eg vågar!! :) Gjer du?

Klæm... :)

1 kommentar:

  1. Vi må nok gå vegen sjølv - men godt at vi har støttespelarar rundt oss. Stå på gode du:-))

    Klem

    SvarSlett