mandag 17. oktober 2011

All we need is LOVE.... ?

"Mørke kan ikke drive ut mørke,bare lys kan gjøre det.Hat kan ikke drive ut hat,
bare kjærlighet kan gjøre det"
. ~Martin Luther King jr.~


Det stormar litt rundt meg for tida.... både på godt og vondt. Medan eg var på Røros var eg plaga av svimmelheit. Dette har berre vorte verre.... Så etter berre ein dag på jobb, vart eg sjukemeldt. Blodtrykket mitt er lavt og kroppen stressa så då er det best med ei pause for å unngå ein kjempesmell....
Ein kan møte motgong i alle situasjonar. Og då er det lett å kun sjå det negative!  Men dersom ein tenkjer seg om er det mykje positivt ein også kan fokusere på: For min del går den varige livsstilsendringa min veg. Eg har gått ned 32 kg(!!!) og har vel aldri i mitt voksne liv vore i betre form. Det er godt å bevege seg. Kroppen lystrar. Eg er heldig som har mykje gode menneske rundt meg som eg vil vel, og som vil meg vel tilbake... 

Oppfordringa til både meg sjølv og deg i dag er: Lat lyset og kjærleiken råde.... så får mørkret og hatet vike! For mørke og hat vil vi ikkje ha i liva våre!!! All we need is LØØØØØØØØØVE ;)

Ha ein fin dag med mykje love :)

Klem

2 kommentarer:

  1. Kjempeflott at endringa går din veg - ikkje så bra med svimmel og stress og slikt. Godt at du kan sjå det positive og leve i lyset.
    Ha ein fin kveld og klem:-))

    SvarSlett
  2. Wow Elisabeth. 32 kg!!! RESPEKT!!!
    Lykke til med ditt NYE LIV!

    SvarSlett