tirsdag 3. juli 2012


Livet har vore eit einaste kaos dei siste månadane. Og eg har nok ikkje klara å sjå så lyst på livet. Eg har byrja på eit nytt liv med ny mat og gode treningsvanar. Ei stor endring i livet mitt som gjorde at eg måtte revurdere fleire ting. Og endring på endring har vorte gjort... Og livet har vel til tider vore kaotisk og lite oversiktleg.  Og eg har slett ikkje vore meg sjølv på ei stund. 

Mamma har vore alvorleg kreftsjuk.... Krefta tok overhand... og mi godaste mamma døde den 13. juni... dagane i førevegen var svært vanskelege. Å vere vitne til at eit menneske som du har så kjær vert totalt oppeten av den fæle sjukdommen, er det verste eg har våre igjennom... Og sorga er framleis botnlaus.  Sorga over at mamma skulle få så alt for få år på jorda... at hennar draumar vart knuste... ho nådde ikkje alt ho ynskte å fylle livet med.... Og sorga over at eg ikkje fekk behalde mamma mi lenger... akkurat no i kaoset... i alle endringane skulle ho vere nøydd å forlate meg.... Det er så vemodig...

Samstundes klarar eg å fylle hjartet mitt med takknemmlegheit. Tenk at akkurat EG skulle være så heldig å få gode mamma til mamma. Tenk at eg også fekk vere hennar venn.... Eg kjenner meg rik. Ho har gitt meg og syskena mine ein ballast som mange andre berre kan drøyme om.  Ikkje i gods og gull, men i gode opplevingar og verdiar og syn på livet.

Mamma hadde ikkje altid hatt det så bra sjølv, men nytta sine opplevingar på ein positiv måte. Vi fleste har mykje å lære av henne.... Ho var sprudlande og møtte livet på ein positiv måte. Ho  hadde eit utruleg stort nettverk. Eit nettverk beståande av både familie og gode vener... Ho var eit varmt menneske... 

Dei siste vekene har vi brukt til å rydde i leiligheta hennar. Vi tre syskjena har brukt mange timar på både latter og gråt. Vi har funne så mykje godt. Gamle morsdagskort, bilder og anna som lokka fram minna. Eg fann så mykje gode ord, og dikt. 
Eg vil dele eit: 

Perspektiver

Når du
ser fremover
mot nye tider og år
skal du la ditt hjerte
og dine handlinger 
bære preg av den arv
dine tidligere dager
har tilført deg

Alt godt og all smerte

for ditt ståsted
er dypere og rikere
enn det som har vært før
ettersom alt levd liv
setter sine spor
i sinnet

(Tove Hauck)

Dette skal eg prøve å hugse.
 Eg kjenner at eg snart skal klare å sjå lyst på livet att... Og at "gode gamle Elisabeth" er tilbake i meg... Ho som klarar å fylle hjartet med takknemmeligheit...  Eg trur LYST PÅ LIVET er i sving igjen :) 

Ha ein flott onsdag der ute i verda. Grip om draumen din i dag!!! 

Lystpålivetklem <3




2 kommentarer:

  1. Takk for at du delte, Elisabeth! Alltid godt og givandes å lese blogginnlegga dine. Eg har sjølv våre nær ved å miste mi kjære mamma, og nett no mista eg nokon som stod med nær, pga kreft. Det er vondt ja, men mor er mor. Sorga vil følge deg livet ut, kunsten er å klare å sette den til side litt etter litt og klare å sette enda meir pris på dei verdifulle augneblikka i kvardagen. Kvar dag er eit under som vi ikkje skal ta for gitt!
    Gler meg allereie til ditt neste blogginnlegg.
    Ha ein berikande sommar, Elisabeth!
    Stor klem.

    SvarSlett
  2. Mye blir oss givet, mang en skatt så stor.
    Men kun en gang i livet, gies det en mor.
    Og når dette varme hjertet ikke banker mere her,
    da kjenner vi med smerte at det beste borte er.
    Om vi gråter, om vi ber, aldri mamma mer vi ser.
    Snill, fornøyd og glad hun var.
    Alltid i vårt hjerte bor minnet om en elsket mor.

    Føler med deg Elisabeth.
    Mistet faren min, mora mi og broren min i løpet av kort tid for noen år siden, men savner dem enda hver dag. Men livet går videre og man bevare de gode minnene.

    Klem fra Siw K.T.

    SvarSlett