torsdag 12. juli 2012

Kortreist.... :)

Vi har hatt feriegjestar dei siste dagane. Kjempekoselig å skulle få vise fram vakre Sunnmøre.... men været viste seg ikkje frå den beste side... Skodda har ligge langt ned i hovudet på oss... Vi har gått på fleire fjellturar, men utsikta kan vi trygt seie, har vore begrensa.

Eine dagen reiste vi til Ålesund. Sidan eg aldri har vore noko "bydame" var vel guidinga mi so som so.... By og meg høyrer liksom ikkje heilt saman.... Eg trivast best i ullunderskjorte og frisk luft.... Men kjempekoselig med ein bytur i ny og ne altså!!! Og trappene opp til Fjellstua fann eg.... Og Atlanterhavsparken....  Også veit eg om ei kjempekoselig gate!! MOLOVEGEN :)  Der var vi innom både TRANKOKERIET og Ingridsglassverksted

Dagen gjekk fort... og opplevelsane stod i kø.... Konklusjonene er: Ein treng ikkje fare så langt av stad for å få gode opplevelsar og ein smak av ferie... 

Den store verda ventar på deg, men vent ikkje med å nyte livet! Kos deg der du er akkurat i dag!!! :) DET er dagens oppfordring! 

God klem <3 

2 kommentarer:

  1. Kjære Elisabeth!
    Mi djupaste kondulanse!!
    Sjølv 12år etter kjenner eg saknet etter mamma..

    ..godt du minner oss på at livet er her og no..

    Er så lett å gløyme det..

    Stor sommarklem sjølv om skodda heng djupt i dag :-)

    SvarSlett
  2. Tusen takk, Sigrid.... Reknar med at saknet vil vare ved.... Men en får ta en dag i gongen.... Og leve litt kvar dag... <3

    Klem

    SvarSlett