mandag 26. november 2012

Et lite livsteikn...



Det har storma noko voldsomt rundt meg sidan sist. Det vart ein laaaaang omveg. Men no trur eg at eg er på rett veg. Iallefall på veg til rett veg. 

Eg har vore igjennom store endringar i livet... Nokre sjølvvalgte og andre slett ikkje.... 
Sidan mai i fjor har eg vorte skilt, solgt mitt herlige Lønnetun, flytta, fått meg ein fantastisk kjæreste, mista mamma mi, gått ned over 50 kg, vore i stor sorg, og vorte dumpa av kjærasten medan eg hadde det som verst....

Då var botnen nådd... Eg kunne ikkje kome lenger ned. Eg hadde meg nokre veker då magen var like uroleg som like før eit tannlegebesøk der ein veit at ein skal blombere... Og eg vart  deperimert... Eg trur eg var heilt i sjokk over det heile.... Eg unner ikkje min verste fiende å oppleve dette (om eg hadde hatt ein då ;) 

Men no har humøret kome attende! Heldige meg som er velsigna med eit lett humør. Eg klarar å sjå lyst på livet igjen... Livet vart slett ikkje slik eg verken hadde håpa eller drøymt om... eg skulla så gjerne ha vore forutan tap på tap... men slik vart det ikkje... og eg kan ikkje bestemme korleis andre skal verken føle for meg eller behandle meg. Men eg kan bestemme meg for korleis eg vil takle det! Og øve meg på å stå sterkt i eigen kjærleik! Det er opp til MEG! 

"Ikke tråkk på meg, når jeg ligger nede, 
da har jeg det ille nok allerede
ikke snakk stygt om meg, når du tror jeg ikke hører
Det vil før eller senere nå mine ører.
Aldri undervurder meg
Jeg er ikke så svak som du tror
Jeg kan hvis jeg vil eller må bevise
At styrken min, den er stor" (Anita)

Ja, STYRKEN ER STOR! For eg ser kor heldig eg er! Eg har klart å gå ned over 50 kg! Eg har fått eit nytt liv!!  Eg er priviligert... eg er mamma til verdas kjekkaste gut, eg har ein snill snill hund som alltid er villig til ein tur. Eg har anna familie og venner som er gull verdt! Og det vert spennande å sjå kva som ventar rundt neste sving... Eg har på følelsen at det er noko heilt fantastisk...vidunderleg.... hærleg.... :) Ja... eg har det på følelsen <3 

Vi bloggast! 

God klem frå Elisabeth <3

4 kommentarer:

  1. Kjære Elisabeth!
    Må vite at eg har tenkt på deg og undrast på korleis du hadde det.
    SÅ glad for eit livsteikn her..Og du veit at etter å ha nådd botn er det berre ein veg: OPPOVER!
    Lukke til! Heiar på deg!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Kor godt å høyre at eg har vore i tankane dine... og i like så :) Og du har rett... no kan det berre gå OPPOVER! Takk!!
      Klem <3

      Slett
  2. God klem, kære Elisabeth. Sikke en rejse, du har været på. Og at kalde det en rejse er måske ligefrem en tilsnigelse, men ikke alle rejser bliver, som man helt havde tænkt.

    Så flot at du har tabt 50 kg. Det er jo virkelig meget og utrolig flot. Jeg kan mærke, at du er lettere på mange måder, men sorgen tynger. Og jeg har lært, at man skal blive i den, omend den er svær, tung og næsten uudholdelig. Det går ikke at flygte.

    Tror du er på vej ud på den anden side. Med tanker på, at du trods alt er heldig og har så mange fantastiske kvaliteter, en skøn søn, hund, venner og livet foran dig. Sorgen går med, men bliver lidt lettere hen af vejen.

    Fine dig! <3

    SvarSlett
    Svar
    1. usen takk for gode ord; Lene! Ja jeg er lettere.. me jeg lar meg selv få lov å kjenne på sorgen... går mye tur og gjør som deg... knytter joggeskoene og springer en tur... tankene få dra dit de vil... i glede og i sorg... jeg har ropt mot vbinden og grått til bølgene... og det hjelper! En dag av gangen må nok gjelde en stund framover. Men det er greit.... fo ja, jeg er heldig... jeg har mye selv om jeg ikke har det jeg hadde trodd å håpt på...
      Takk igjen for fine og trøstende ord!

      Klem <3

      Slett