søndag 4. mars 2012

Om å sjå lyst på livet


Å sjå lyst på livet er faktisk en 1000 kunst det! Ein må på ein måte bestemme seg for at en VIL møte livet på ein positiv måte. Og slik livet mitt har sett ut ei stund har det jammen vore vanskeleg! 

Her på Røros vert vi trena til å tenke annaleis.... I ei livsstilsendringsprosess er det viktig å definere dei saboterande tankane for så å kunne gi et svar som kan hjelpe på vegen. Dette er faktisk noko vi kan bruke i dei fleste samanhengar i livet! 
Alle dei negative tinga i livet mitt som har overskugga dei positive ei stund. Men i dag vil eg verklegen minne meg sjølv på nokre positive ting her i livet! 

Eg har såååå mange gode venner her oppe på Røros! I går hadde vi utdrikkingslag for ei av godevennindene... Til sommaren står ho brud... og vi er så heldig å få kome! Dagen var intet midre enn fantastisk! Vi vekte henne med brudemarsjen og deilig frukost, før vi tok turen til sentrum i DEN habitten for ikkje å snakke om sminka! Ho var berre eit syn for gudar! Hi hi hi! ;) På ettermiddagen hadde vi en bedre middag her nede på Moan for alle i Team5. Skikkelig koselig og vannvittig morsomt var det. Og at eg er så heldig å ha hjertevennen min her er slett ikkje verst  <3 

Ellers har eg vore heldig å hatt besøk av koordinatoren min heime medan eg har vore her. Ho har hospitert på rehaben og fått eit innblikk i korleis kvardagen vår er her.  Ho er ei flotte og veldig flink dame, men eg trur at det var lærerikt for henne å sjå meg i denne samanheng. Ho fekk vere med på nokre treningsøkter , men også mestringssamtaler. Eg har god nytte av å ha så mange og gode støttepersonar, og ho er ein av dei beste! 

Hallooooo! Har ikkje eg mykje positive opplevingar også? Å skulle sjå dei positive tinga framfor dei negative er eit valg ein må ta.... eg vil gjerne sjå lyst på livet.... dei fleste dagane får eg fint til det... 

I morgon er ein nye dag... eg vil prøve å sjå lyst på livet også denne dagen... vil du?!?

Ønsker deg ein lys og positiv mandag :)

torsdag 1. mars 2012

Knekkebrød og kloke ord


Dagane flyg her oppe i fjellheimen... Dei er fulle av innhald... godt innhald! Gode førelesningar og gruppearbeid. Dagane her skal gjere oss best mogeleg rusta til å takle kvardagen heime. Til å kunne klare å stå i denne varige livsstilsendringa. 

I går hadde vi fagdag. Vi jobba gruppevis med oppgåver som fekk oss til å reflektere. Vi kan dra nytte av dei erfaringane dei andre på gruppa har gjort i si heimeperiode. Det er godt å høyre til ei gruppe mennesker som veit kva eg strevar med....  

Ei på gruppa mi kom med ekstra klok reflesjon:

"Vi kan sammenligne oss med en alkoholiker. En alkoholiker kan slutte å drikke- men vi kan ikke  slutte å spise. Vårt forhold til mat vil alltid vere forandret..."

Ja, slik er det nok dessverre. Men med hjelp skal vi klare å endre livsstilen vår til noko varig... Eg føler meg viss på at vi skal klare dette!! 

Mat er sjølvsagt eit tema her oppe. Vi lærer å ta "dei rette vala". I løpet av eit opphald får vi nokre timar på prøvekjøken der vi lagar sunn og god mat. På dette opphaldet laga vi lakseburger, hamburger, hamburgerbrød, pizza og knekkebrød. Eg laga også dressing. Alt smaka fortreffelig. Oppskrifta på knekkebrød deler eg gjerne: 

Rehab knekkebrød
2 dl havregryn
2 dl samalt rug
2 dl solsikkekjerner
2 dl havrekli
2 dl sesamfrø
1 dl kruskakli
1 dl gresskarkjerner
1 dl linfrø
7,5 dl vatn

Dette skal stå i ti min etter du har blanda alt. Det vert nok til tre plater. Når ein har fått smurt deiga utover kan ein strø på litt maldonsalt. Steikast på 150 gr i 1 time. Ta ut etter ein halvtime og del opp i passe bitar. 
Nam nam nam :)

I dag har det våre trening på timeplanen... Og eg har for fyrste gong på dette opphaldet vore med å trena på skikkeleg vis :) Det gjorde godt! 
I morgon er det ein ny dag... nye samtaler, nye treningsøkter... Eg gledar meg 

klem  <3 





mandag 27. februar 2012

Fine daga på Røros


Forma er stigande... det kjennes godt å vere Elisabeth igjen! :) Eg har fått att noko av energien.. Og hurra for det! Torsdag vart huset solgt... såre følelsar.... men også godt at det er overstått.... 
Fredag var vi på ein flott heildagsskitur. Nydeleg påskever, bål og kjekt lag... bortimot perfekt!
På laurdag fekk eg ein av mine draumar oppfylt: Kanefartstur saman med min hjerteven... Du og du kor romatisk!!! Å site der under den varme skinnfellen i mørkret... faklar på kvar hesteslede... Og den fine musikken av bjelleklang....stjerneklart når vi byrja, og når turen nesten var ferdig kom eit melisdryss av snø...  
Så vakkert at ein kan få tårer i augekroken.... <3

Eg har klart å samle meg om meg og mitt her på Røros no.... sjøl om eg veit at eg trengst heime.... Der ventar tenåringen, hunden og resten av familien på meg.... Eg trengst der... Spesielt no....

Eg øvar meg kvar dag på å leve her og no.... og ikkje i morgon eller neste veke eller til sommaren eller neste år... Prøvar å hugse på at livet ER... det kjem ikkje.... 

Men det er også samstundes godt å lene seg til Charlie Chaplin sine kloke ord:
"Nothing is permanent in this wicked world, not even our troubles"

Han var slett ikkje så dum han Charlie... :)

Ønska deg ein hæææærleg tirsdag! 

God klem <3

tirsdag 21. februar 2012

Martnan på Røros



Godt å ha litt flaks innimellom :) Rehabopphaldet mitt her på Røros fall akkurat på Martnan.. I dag begynte eventyret og eg er så heldig å få vere med! HURRAAA!!! :) 

Stemningsfult i gatene! Vi har fulle dagar på Rehaben , men i helga skal vi nok få kosa oss på Martnan :) Eg gled meg :)

Klem <3




søndag 19. februar 2012

Livets landevei.... og det å nyte kvart sekund...


"Det er mye en lyt gjønnomgå på livets landevei"

Ja, no har det gått nokre dagar her på Røros. Det går etter forholda fint. Eg er ikkje i storslag... men det går fint. Eg har bestemt meg for at eg ikkje skal verte "vippa av pinnen" kun på grunn av at kroppen ikkje vil lystre no. Eg er slapp, eg er uopplagt, eg er trøytt og tom. Men kanskje skal eg fokusere på det som er litt meir positivt? Eg har vore to dagar i bassenget. Og siste gongen "herja" eg faktisk litt saman med min kjære hjerteven :)  Og eg har gått frå Moan til senteret kvar dag! Og fredag var det berre eit nydeleg ver!!!Eg gjekk aleine med musikk på øyret. Også begynde eg å tenke på livet og vegen i livet.... Stundom går alt av seg sjøl. Vegen er breid og ein tenkjer kanskje ikkje så nøye over kvar det berst.... andre gongar kan vegen virke heilt uoverkomeleg. Krunglete, hompete og uoversiktleg... Men om ein tek det med ro, kjem ein seg fram der og? 

I morgon begynner mamma på cellegift. Eg er her... ho er på Sunnmøre....  heldigvis har eg verdas beste syster. Ho er utdanna sjukepleiar og veit å spørje dei rette spørsmåla og ho veit å gi den rette omsorg til alle rundt seg... 

Eg fekk eit sånt fint skilt med to av mine gode "Rørosvenninder" med ei fin påminning:

"Teller du år, blir livet kort
Teller du dager går livet fort
Teller du timer, varer livet en stund
men lengst varer livet om du nyter hvert sekund..."

Vi veit ikkje kva som møter oss på livets landevei... men vi får prøve så godt vi kan å takle det.. og øve oss på å nyte kvart sekund av dette dyrebare livet! 

Goooood optimistisk søndagsklem  <3

torsdag 16. februar 2012

Minner og håp!

MINNENE 

"Ta det med deg!
Det minste av grønt som har hendt deg
kan redde livet ditt en dag
i vinterlandet.
Et strå
bare ett eneste blankt lite strå 
fra sommeren i fjor
frosset fast i fonna,
kan hindre skredets
tusen drepende tonn
i å styrte utfor"

Hans Børli

Så var eg på Røros att. Det er godt å vere her, sjøl om eg slett ikkje er i form.... og  ikkje får vere med på all trening... sjøl om eg akkurat no kjenner på at eg burde våre heime på Sunnmøre saman med familien... 
Men eg treng å vere her... eg treng hjelp til å halde min nye livsstil.. samle motivasjon...så medan det går, vil eg vere her....

Vi fekk ikkje det svar vi ønskte når det gjaldt mamma... No er det cellegift og ny kamp som gjeld...  Eg er takknemmelig for at familien min har eit nært og godt forhold... Vi har samla mange gode minner og viktig historie i løpet av åra... Minner vi no kan kose oss med... minner som varmar no når vi ER i vinterlandet .... Minner som kan gi håp... håp om fleire gode dagar....  Vi kryssar fingrane for at cellegifta verkar... og fortesette å håpe....

Gode klem <3


søndag 12. februar 2012

Morsdag og det å tru på mirakel...


Vakna opp på sjølve morsdagen til den triste meldinga om at Whitney Houston er død.... I min ungdom var ho ei av favorittane... Slagarene stod ei stund i kø og stemma er heeeilt fantastisk :)

Ho syng ein nydeleg song saman med Mariah Carey. "When you believe"... Den flottaste tekst:

Many nights we've prayed
With no proof anyone could hear
In our hearts a hopeful song
We barely understood


Now we are not afraid
Although we know there's much to fear
We were moving mountains long
Before we knew we could

There can be miracles, when you believe
Though hope is frail, it's hard to kill
Who knows what miracles you can achieve
When you believe, somehow you will
You will when you believe


In this time of fear
When prayers so often prove(s) in vain
Hope seems like the summer birds
Too swiftly flown away

Yet now I'm standing here
My heart's so full I can't explain
Seeking faith and speaking words
I never thought I'd say

There can be miracles, when you believe
Though hope is frail, it's hard to kill
Who knows what miracles you can achieve
When you believe, somehow you will
You will when you believe

They don't (always happen) when you ask
(Oh)
And it's easy to give in to your fears
(Oh...Ohhhh)
But when you're blinded by your pain
Can't see your way straight throught the rain
(A small but )still resilient voice
Says (hope is very near)
(Ohhh)

There can be miracles
(Miracles)
When you believe
(Lord, when you believe)
Though hope is frail
(Though hope is frail)
It's hard to kill
(Hard to kill, Ohhh)
Who knows what miracles,you can achieve
When you believe, somehow you will(somehow,somehow, somehow)
somehow you will
You will when you believe

You will when you
You will when you believe
Just believe...in your heart
Just believe
You will when you believe~



Vi berre tru på mirakel innimellom.... klamre oss til håpet...   Verdas beste mamma har kjempa ein fæl kamp mot kreft dei siste månadane.... Til veka kjem resultatet frå strålinga... Vi trur på eit mirakel... Vi trur... og tru kan flytte fjell....  ALT kan skje dersom ein trur.... 


I dag har vi reservert bord til åtte på Elmirs-Grillrestaurant-Kaffebar. Vi skal feire morsdagen for verdas beste mamma... Vi skal feire livet!!! Og  tru at eit mirakel har skjedd... vi skal TRU.... og tru kan faktisk flytte fjell <3 <3 <3 


Morsdagsklem til ALLE mammaer der ute....  <3