søndag 4. mars 2012

Om å sjå lyst på livet


Å sjå lyst på livet er faktisk en 1000 kunst det! Ein må på ein måte bestemme seg for at en VIL møte livet på ein positiv måte. Og slik livet mitt har sett ut ei stund har det jammen vore vanskeleg! 

Her på Røros vert vi trena til å tenke annaleis.... I ei livsstilsendringsprosess er det viktig å definere dei saboterande tankane for så å kunne gi et svar som kan hjelpe på vegen. Dette er faktisk noko vi kan bruke i dei fleste samanhengar i livet! 
Alle dei negative tinga i livet mitt som har overskugga dei positive ei stund. Men i dag vil eg verklegen minne meg sjølv på nokre positive ting her i livet! 

Eg har såååå mange gode venner her oppe på Røros! I går hadde vi utdrikkingslag for ei av godevennindene... Til sommaren står ho brud... og vi er så heldig å få kome! Dagen var intet midre enn fantastisk! Vi vekte henne med brudemarsjen og deilig frukost, før vi tok turen til sentrum i DEN habitten for ikkje å snakke om sminka! Ho var berre eit syn for gudar! Hi hi hi! ;) På ettermiddagen hadde vi en bedre middag her nede på Moan for alle i Team5. Skikkelig koselig og vannvittig morsomt var det. Og at eg er så heldig å ha hjertevennen min her er slett ikkje verst  <3 

Ellers har eg vore heldig å hatt besøk av koordinatoren min heime medan eg har vore her. Ho har hospitert på rehaben og fått eit innblikk i korleis kvardagen vår er her.  Ho er ei flotte og veldig flink dame, men eg trur at det var lærerikt for henne å sjå meg i denne samanheng. Ho fekk vere med på nokre treningsøkter , men også mestringssamtaler. Eg har god nytte av å ha så mange og gode støttepersonar, og ho er ein av dei beste! 

Hallooooo! Har ikkje eg mykje positive opplevingar også? Å skulle sjå dei positive tinga framfor dei negative er eit valg ein må ta.... eg vil gjerne sjå lyst på livet.... dei fleste dagane får eg fint til det... 

I morgon er ein nye dag... eg vil prøve å sjå lyst på livet også denne dagen... vil du?!?

Ønsker deg ein lys og positiv mandag :)

2 kommentarer:

  1. Det e so godt å lese, Elisabeth!! Ønske også dej en gode mandag og ei supergode veke!!
    Grip dagane!!
    Anne Karen

    SvarSlett
  2. Ein får prøve..

    Ser ut til at det er herleg vær hjå deg på Røros!

    klem

    SvarSlett