søndag 16. juni 2013

Har du fyr?

Ytterst i verden 
Ytterst i vest
Kan hende du seile di skute
Kan hende du seile tifeldig som gjest
Kan hende du går der i rute
Uansett treng du et punkt som e fast
Der du frakte din skjøre last
Det e nok at det står der å brenn
En trofast gammel venn


Har du fyr?
Har du lykter langs din vei?
Har du fyr?
Et signal om riktig lei
Ei lampe som gløder i mørket
Og loser deg ut og frem.
Som tar deg bort og hjemmefra
Men også tar deg hjem.


Vår Herre han sa det da jorda vart te
"La det bli lys",
Og det ble det.
Så satte han sol og måne og stjerner
Opp sånn at vi kunne se det.
Men de som har glem det i skapningens gry
Og alle de som er dømt til å fly
På havet i vær og vind
Når skodde og mørket sett inn.

Har du fyr?
Har du lykter langs din vei?
Har du fyr?
Et signal om riktig lei
Ei lampe som gløder i mørket
Og loser deg ut og frem.
Som tar deg bort og hjemmefra
Men også tar deg hjem...

Har vore på tur til Alnes Fyr i dag... En nydeleg tur saman med gode venner... 
Eg er så fasinert av fyr... Eg kjem alltid i tankar på kor viktig kvar og ein fyr har vore langs kysten vår... Og kor viktig det er i livet å ha fyrlys... Som hjelper meg til å ta den "rette vegen"... Og unngå å "gå på skjær".... Har eg fyr.....?  Har du fyr? 

Den nydelege songen kan du høyre HER

Skip og hoi og god mandag ønskast frå Blixa <3

onsdag 12. juni 2013

Modige Bestemor....

Våg å være...

Våg å være ærlig
våg å være fri
våg å føle det du gjør
si det du vil si.
Kanskje de som holder munn
er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås
må noen åpne vei.

Våg å være sårbar
ingen er av stein
Våg å vise hvor du står,
stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om
og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt
er svakest likevel?

Våg å være nykter
våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil
gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt,
bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er
og at du er sann!

Av Hans Olav Mørk 1995


I dag har bestemor bursdag... Gode snille omsorgsfulle bestemor... Utan henne veit eg jammen ikkje kvar eg hadde vore. Vi har alltid hatt mykje med kvarandre å gjere. Medan eg vaks opp så var ho ei travel dame... Med to vaskejobbar og fjøs og hus og heim i tillegg... Men sjeldan nei når nokon trengte at ho stilte opp... Ho sa alltid at vi skulle "hjelpast åt" (hjelpe kvarandre...) 
Vi barnebarna fekk vere med på ferieturar og det var stas!   


Etter at eg sjølv vart vaksen har vi hatt mykje kjekke stunder ilag. Med ein god snakk... eller vi har plukka bær eller laga fiskemat ilag... 
Eg er så stolt av, og glad i bestemor.... Ho har lært meg så mykje... om livet og om kva styrke er... og om å våge! 
Sterke, sjølvstendige bestemor.... Det vert sagt at barnebarn er ein velsigelse for besteforeldra... Eg vil snu det totalt på hovudet... besteforeldre er ein stor velsignelse for barnebarna... Bestemor er ein stor velsignelse for meg... Eg kjenner meg takknemmleg....Håper å få behalde henne i mange år  <3 

Klem frå Blixa <3 


tirsdag 11. juni 2013

Min veg....


«Din veg»

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Olav H. Hauge



'
Sanne ord til ettertanke...Eg skal gå min veg... og du din veg. Er det ikkje spennande vel?!?

God tirsdagskveld ønskast frå Blixa <3 



mandag 10. juni 2013

Ut på tur... :)


Eg er totalt avhengig av gode turopplevelsar.... Humøret stig minst ti hakk ute i det fri... Alle problem blir mikroskopisk små.... I helga hadde vi eigentleg planlagt telttur... men skodda hang langt nedi fjella... det regna og yra. Og med ca 8 grader vart ikkje ein frostpist av ei Blixa så frista på å skulle ligge ute.... 


 


Laurdags kvelden medan regnet sila ned, planla vi likevel ein flott dagstur.. Til Vetledalsseter. Ei perle av ein plass... Og turen vart svært flott! Skodda hang langt ned... men berre eit par dropar leita seg opp og det er ikkje mykje å klage over!


 Hvem eier...
Hvem eier alle skogene 
hvor dyrene holder til - 
og eng og strå og busker små 
og solens bleke ild - 
Hvem eier hvert et kjølig vann 
som blinker på min vei - 
og stjernene - og stillheten, 
hvem andre vel enn jeg  






Høgdepunktet er matpausene.... :) Med god lunsj... deileg kaffi og heimelaga polarbrød i frisk luft, i godt lag og nydelege omgivnader  kan livet neppe bli noko betre... :)

Eg deler gjerne oppskrifta på
 POLARBRØD 
150 gr havregryn
500 gr fin samalt kveite
350 gr kveitemjøl (eg har bytta ut all kveitemjøl med fibramjøl)
50 gr gjær
25 gr sukker
1 ta salt
1 dl rapsolje
4,5 dl mjølk
2 dl vatn

Varm opp verlen til 37 gr Rør inn gjær. Tilsett det tørre og elt gjerne i kjøkkenmaskin i minst fem min. Hev i ca 10 min og elt sammen igjen før deiga får heve i 45 min. Del deiga i to og kjevle ut ei leiv som er ca en cm. Stikk ut (gjerne hjerteform... <3 ) legg over på bakepapir og prikk brøda med ein gaffel. Etterhev i ca 10 min og steik på 180 gr i ca 10 min. Avkjøl på rist :)

Dagens utfordring: Ta deg ein tur sjøl om veret ikkje er topp! :) 

God tirsdag ønskast frå Blixa <3 

torsdag 6. juni 2013

Sommardrøm....


Så skimrande var aldrig havet

och stranden aldrig så befriande



fälten, ängarna och träden, aldrig så vackra

och blommorna aldrig så ljuvligt doftande


som när du gick vid min sida

mot solnedgången, aftonen den underbara,



då dina lockar dolde mig för världen,
medan du dränkte alla mina sorger,
älskling,
i din första kyss....
                                                                              Evert Taube

Ein av dei finaste sommarlåtane eg veit....  Trykk HER så får du høyre ein nydeleg verson... <3

God torsdagskveld ønskast frå Blixa 



søndag 2. juni 2013

Juni...

Den beste dagen i veka er uten tvil fredagen for meg... å  fare rett på helgahandel etter jobb.... og etter ei lang arbeidsveke kome til ein rein og ryddig grønesåpeluktande heim. Heile helga er framføre meg... to heile fridagar i vente som ein kan fylle med akurat det ein vil.... og for meg er det ofte nydelige naturopplevelsar.. enten eit fjell som skal bestigast eller ei fjøre som skal besøkast... Fredags ettermiddag er ein dag med forventning... og glede!



Dei beste dagane i året syns eg er dagane i juni... eg eeeeeelskar dei... Om sola skin eller regnet høljar ned er dagane fylte med akkurat det same som fredagen... nemmleg glde og forventning. Vi har ein heil sommar i vente.... fine dagar med varme som kan mjuke opp ein frostpist som meg.... Lange dagar... som ein kan bruke saman med familie og venner... grilling...bål.... reker.. softis...bading... turar..... ferie....osv .. :) 


Juni.... :) No er juni her, og dagane mine ER fylte med forventning og glede!  Halva av gleda, er å glede seg til noko. Ein lang sommar ligg der... heilt ubrukt! :)) Juni.... dobbel glede.... minst! :) 

Sommarklem frå Blixa <3