torsdag 7. mars 2013

Livsstilsendring.. ikkje for pyser!


Livsstilsendring er slett ikkje for pyser.... eg har fått snudd livet mitt opp ned opptil fleire gongar. Det handlar om så mykje meir enn å ete rett å trimme meir.... Det psykiske oppi dette er kanskje det viktigaste... Å ha det "ryddig i toppetasjen"... Motivasjon og inspirasjon.... 

For to år sidan var eg LØNNETUNSFRUA... eg var 130 kg. Eg budde i Lønnetunet. Mi største interesse var å bake.  Eg baka den beste bakst. Eg hadde mykje familie rundt meg, og døra heime var alltid åpen for den som ville inn.... Eg var stort sett smilande og glad på utsidan.... inni var det litt annaleis.... 
Eg var djupt ulykkeleg. Eg følte meg fanga i eigen kropp. 

Slik er ikkje livet lenger... Ikkje er eg noko frue i det heile.... eg er 55 kg lettare i kroppen og har det stort sett bra. Men det har vore ein lang veg! Som mange veit, fann eg etter kvart  kjærleiken på Røros rehabilitering. Ein med mange av dei same utfordringane som meg sjølv når det kom til vekt og  kropp. 

Hjertevennen og eg i sept.2011

Og her er vi slik vi ser ut no <3 


Vi. Eg og hjertevennen min har vore til stor støtte for kvarandre. Vi har støtta kvarandre både når det gjeld mat og trening. Og resultat har vi fått begge to. Men berre lett har det ikkje vore...Langt derifrå! Det vart brot mellom oss ei periode....og mykje vanskeleg har skjedd... Men eg trur kjærlegheta imellom oss aldri har vore sterkare enn no... livet er komplekst... eg sluttar aldri og verte forundra...

I denne livsstilsendringa har livet vorte snudd på hovud fleire gongar....Og eg har funne ut at fram og tilbake er minst dobbelt så langt.... men det har vore verdt det! Eg har det mykje betre med meg sjølv! Hadde eg visst alt arbeidet og alle endringane som vart i livet, trur eg at eg aldri hadde turt å byrje på denne livsstilsendringa...  Mykje arbeid... men jammen har eg fått ein kropp som er lettare, friskare, sterkare... ei psyke som er lettare, friskare og sterkare... eg har lært mykje om meg sjølv men også om veldig mange andre.... eg stolar meir på meg sjølv.... eg veit at eg kan klare akkurat det eg vil! Men eg har også erfart at eg ikkje er ei superkvinne.... eg kan være skjør som den finaste kinesisk porselen.... og at eg  må ta vare på meg sjølv!  

 Livsstilsendring er ikkje for pyser.... men kven er pysete da? Ikkje eg! Og det trur eg slett ikkje du er heller! 

"You have brains in your head. You have feet in your shoes. You can steer yourself any direction you choose. You're on your own. And you know what you know. And YOU are the one who'll decide where to go..."
-Dr. Seuss

God klem og ønske om ein fin fredag frå Blixa <3