mandag 21. januar 2013

Eggedosis....


Et lite middagstips :) Det ser ut som et flykrasj men smaker godt! Veldig godt! 
Eg var nemmlegen på butikk rett etter jobb i dag. Då eg var på veg inn døra, mista eg eine posen i golvet, og der var sjølvsagt egga.... Nokre vart bresta... så da vart det omlett til middag. 

Eg laga av to egg 
2 ss melk
ca 100 gr kyllingkjøtdeig
ein halv løk
urtekrydder (kjøpt på Røros)
og pittelite kvitost (gjerne lett)

Ein god salat med dei ingrediensane du ynskjer.... Eg brukte isbergsalat, tomat, paprika, og purreløk 

Og litt heimelaga dressing(laga av kesam, litt kvitløk og ein dæsj med urtekrydder) 

Jepp.... ein god middag på ein mandag :) 

Klem frå Blixa <3 

torsdag 10. januar 2013




"Do not let any one judge you on your Journey.
They have not walked in your shoes or felt what you did.
Have faith in your self - and Know that good things are coming your way. 
Just do the best you can, with what you have, and where you are.
And just let things happen as they're meant to be.
Believe in everything Good and Positive - and keep your Focus on Happiness, Truth, Gratefulness and integrity.
Look ahead - Leave the Past Behind - Where it Belongs. :)
Life is Waiting .... ♥"

~ Kiran Shaikh

Det skal mot til å følge hjerte sitt.. eller draumane sine...  Har DU mot? 

Klem frå Blixa <3

søndag 6. januar 2013

Uro...

Denne uro e ein vind
som rive i seilet,
- et sting i søvnig sinn.
Denne uro e ein sti
Mot ukjent(e) landskap,
mot alt som kan gå meg forbi.
Så min uro må bli.

Denne uro e ein gnist
som tenne opp bålet
og blir ein brann te sist.
Denne uro e ein del
av liv eg har levd i.
For den som sette alt på spel,
har ein uro i sjel.

Må min uro holda stand
som vind, som bål og brann.
I alt eg har av tilmålt tid:
La min uro forbli.

Høyr vamp sin uro her om du vil....

Hele dette nye året har eg gått med slik ei uro i meg... eg har ikkje kunna sagt kva det har vore... akkurat som eg har svelga ein stor stein... Kjent meg deppa.... joda eg har hatt influensa... så ikkje så mykje å rope hurra for akkurat.... Men uroleg?.... skikkeleg uroleg? I går kveld gjekk eg og venta også.... kvar gong eg høyrte ein bil, kvapp eg.. men eg skulle ikkje få besøk... rart...

 Uroen fylgte til soverommet der draumane let vente på seg. Eg sovna ikkje før langt på natt... og i dag tidleg såg eg kvifor... ein kjær ven hadde sendt ein SMS.... Eg har ikkje hatt so mykje med denne vennen å gjere på ei stund, men likevel kunne eg kjenne på meg at noko er gale... 

Slike opplevelsar gjer at eg undrar meg på... må det ikkje vere meir mellom himmel og jord enn det vi ser og 100% veit om.... ? Eg berre spørr..... 


God søndag ønskast frå ei urolig og spent Blixa.... <3 






fredag 4. januar 2013

Draumar...

I Romjula fekk eg med meg ein fin minikonsert på Madelyn. Den hadde navnet Stjernesludd... Rolig musikk og to av musikarane har eg faktisk passa når dei var små... :) 
Men iallefall.... den siste låta dei spela var berre så fantastisk... det er Erik Bye som har skrive den. Eg har lese en plass at Drøm var det siste Erik Bye skreiv før han døde... Tankevekkande syns eg... Erik Bye var vel eigentleg ein som jakta på draumane sine... som turte å sjå inni hjartet sitt... Tenk at han av alle skulle ville fortelle oss kor viktig det er å høyre på draumane sine? 

ERIK BYE – DRØM

Bærer du en gammel drøm
kanskje en yr, ustyrlig drøm
helt fra den gang du var liten
og ingen drøm for stor?

Gi den vinger, ikke vent
tidsnok kan de bli for sent
fly på vindens brede rygg
dit ørn og ravner bor!

(om du har spotify kan du høyre sangen HER)

Eg har alltid vore ei med draumar... Store høgtsvevande draumar... I mange år drøymde eg om å leve eit annaleis liv... Selge alt eg eigde å kjøpe meg eit lite gardsbruk der ingen skulle tru at nokon kunne bu.... eller starte kafe... eller ein kulturbank... eller... reise verda rundt... Ja draumane har vore både store og gode... Og eg har kosa meg med draumane mine. Ei stund samla eg faktisk bord til den kjekke kafeen som eg skulle starte :) hi hi :) Dokke kan tru at han eg var gift med var glad for alle dei gamle sjarmerande borda  som tok all plass i garasja vår :)

Og draumane mine no? Ein prins på ein kvit hest hadde vel ikkje vore til å forakte :) hi hi :) Mange draumar skal berre vere draumar... trur eg.. alle draumane våre kan ikkje gå i oppfyllelse... dessverre... men nokre draumar.. ja dei skal vi verkelegen gå for... 

Ein slik draum har gått i oppfyllelse for meg! Med min nye livsstil har eg gått ned 55 kg! Det har kosta litt.. men slik er det. Skal ein draum verte til verklegeheit må ein jobbe for det! Men det er verdt det!  Eg føler meg vel i den "nye" kroppen min... Draumar kan gå i oppfyllelse... :) 

Har du ein draum som skal få vengjer?  Ein draum som skal verte noko anna enn ein draum?Husk kva Erik Bye sa:  Ikkje vent... det kan verte for seint!! 
Og du har ingenting å tape!

 Husk:
“Shoot for the moon. Even if you miss, you'll land among the stars.”

<3 God helg frå Blixa <3 





tirsdag 1. januar 2013

Blessings

Godt nytt år folkens! I dag er fyrste dagen i resten av ditt liv!  2013 trur eg må verte eit godt år! Eg kjenner det på kroppen! Og eg har bestemt meg for å samle på "blessings" i år... Trur eg såg ideen på facebook... og bestemte meg for å lage meg eit glas... I glaset skal eg samle minner frå året som kjem... små lappar med gledesbodskap, inngongsbillettar eller anna godt som skjer i det nye året... Ser du? Fyrste lappen har allereie kome i... <3 Vi har mykje å vere takknemmlege for... eg vil prøve å fokusere på det! :)

Dagens oppfordring: Count your blessings...

God nyttårsklem <3