torsdag 5. april 2012

God påske

Vart plutselig ei uplanlagt bloggepause her hos meg... Livet er fylt med store kontrastar.... Og dagane flyg avstad... med store bekymringar i eine augneblinken og den største glede i den andre... Helsa mi vert berre betre og betre. Og på tysdag var eg faktisk på jobb heile dagen OG på trening etterpå. Utenkeleg berre for ei veke sidan...

Vi skal "berre " vere heime i påska... Og det kjennes godt! Heimepåske er perfekt i år. Mamma er heime imellom to cellegiftskurar og det er godt å kunne vere saman med henne! Ellers lokkar fjellet! Ikkje skiturar... NEI! Men med fjellsko og "ti på topp klippekort" i sekken. Det er godt med heimepåske.... :) Å vere saman med dei eg er så glad i ;) 


"You decide every moment of every day who you are and what you believe in. 
You get a second chance, every second."

God påske til deg og dine! Nyt nyt nyt!! ;)

Klem <3