mandag 26. september 2011

Måne og stjerner... :)

Eg har nydelege dagar her på Røros...Og fjellet har vorte flittig brukt! I helga hadde vi knallver og turen gjekk til ein "topp" kalla Kvernskaret. Dagene flyg og om ei veke og ein dag er opphaldet ferdig....
Fekk ein sån fint ord frå verdas beste syster:
"Shoot for the moon, even if you miss, you will land among the stars"
Tuuuusen takk igjen alle dokke som støttar! Eg er glad eg har dokke! :)

Ha ein fortreffeleg tirsdag.... med stjerner eller månen! :)

Klæm

fredag 23. september 2011

Eit glupt ord på ein fredag...

·         "Nobody can go back and start a new beginning, but anyone can start today and make a new ending....;-)"

onsdag 21. september 2011

Hyggelig besøk på ein onsdag :)

·         "Omgi deg med mennesker som kan hjelpe deg med å komme et skritt videre på den veien du vil gå." (J. G)
HURRA!!!! :) I dag fekk eg faktisk besøk! Eg har fortalt at eg har ein koordinator i heimkommunen min i forbindelse med denne livsstilsendringa? Eg har vore heldig! Eg trudde at eg kunne få vanskar med å klare å halde på faste treningsøkter.. og av di spurte eg ei som jobbar på treningsstudioet heime. Og jammen svarte ho ja!! :) Det har gjort prosessen enklare. Berre at eg veit at eg har henne i bakhand... At ho registrerar meg når eg er på trening... at eg får ein og annan SMS med spørsmål om korleis det går? ... kanskje småting... men viktig for meg i min situasjon. Og i dag kom ho til Røros for å vere med på KURS i regi av Røros rehabiliteringssenteret.
Det var reint kjekt å få vise fram "livet mitt" her oppe!!!  :) Berre å gå igjennom Gata her... småkoslege hus på rekke og rad... Vi var oppom rehaben og på MOAN.... <3
Eg følgte henne til hotellet att... og på veg heim tenkte eg at eg må vere meir enn heldig!!! Eg har fått ein sjanse til å endre livet mitt til det bedre... og eg har mange gode støttespelarar rundt meg som håpar og trur at eg skal få det til... Som ser til at eg tek steg i rett retning.... Ja, eg er heldig!!! Det er viktig med gode støttespelarar:)
 
Takk alle kjende og kjære!!! :)
 
Klem <3

mandag 19. september 2011

Fremtiden er så lys....

Vil så gjerne dele eit bilete av ein av mine favorittkunstnarar i dag.  Nemmeleg eit bilete av Bjørg Thorhaldsdottir.
Biletet heiter: "Fremtiden er så lys" I sommar var eg på galleriet Lykkehaven i Sandvika. Det kan eg anbefale på det varmaste, om du likar Bjørg Thorhaldsdottir sine bilder!
Bjørg Thorhaldsdottir er ein meister med maling og bileter til glede og ettertanke. Men ho er også veldig god på ord til ettertanke!  Og her kjem eit av dei: 

Livet blir straks mye enklere i det man tar mangelen på ros som et tegn på stum beundring."
 (Bjørg Thorhallsdottir)

Thi hi! :) Ja kanskje det?!?  I dag er iallefall tankane mine lyse og lette... og framtida like så! Eg er heldig... eg har fått ein unik sjanse : Eg har fått hjelp til å ta tak i livet mitt for å få ein lettare kvardag på mange plan! Eg er på veg! Framtida er SÅÅÅÅ lys!  Og eg omgir meg med mange mennesker som faktisk er stumme av beundring over den prosessen eg er i! Thi hi!! :) Bjørg Thorhaldsdottir er verklegene klok!! :)
(og eg er sprø!...:)

Ha ein fin kveld... GOOOOD KLEM <3


søndag 18. september 2011

Ain`t no mountain high enough

Ain't no mountain high
Ain't no vally low
Ain't no river wide enough, baby
If you need me, call me
No matter where you are
No matter how far
Just call my name
I'll be there in a hurry
You don't have to worry
'Cause baby,
There ain't no mountain high enough
Ain't no valley low enough
Ain't no river wide enough
To keep me from getting to you....

Ein song som ofte leitar seg opp, medan eg går på fjellet! Til å verte godt humør av! ALT er mulig. :)  Vil du høyre? Trykk HER...

Ellers har dagen inneheldt deilig frukost saman med mi gode sambuar, sykkeltur, basseng med vannpolo og boblebad, lunsj, fjelltur.... nyyyyydelg! Svinesteik, og no litt datatid....  :) Ein fin dag her på Røros!
Og dagens påminning? : ALT ER MULIG!!! :)

God klem <3

lørdag 17. september 2011

Å være sterk....

"Å være sterk er ikke å løpe raskest, å hoppe lengst eller løfte tyngst. Å være sterk er ikke alltid å vinne alltid å ha rett eller alltid å vite best Å være sterk er å se lyset når det er som mørkest, slåss for noe man tror på, selv om man ikke har flere krefter igjen se sannheten i øynene selv om den er hard…. " 
 ukjent
 
 
Meg i mitt rette element: Øverst på jorda... nærmare bestemt på fjellet!! :)
Alle sorger og bekymringar forsvinn når eg er i mitt rette element! I dag har nokre av oss på T5  hatt ein heilt hærleg tur. Vi gjekk i timesvis i eit behageleg tempo. Vi kom på snaufjellet... og ei fantastisk utsikt fekk vi!!Der var rom for ein spøk og litt glimt i auga, slik det skal vere når gode vener er på tur!

Følelsen ein slik tur gir meg, er at eg kan klare alt! Til og med å vere sterk! Sjå lyset i mørkret, å slost for det eg trur på... og være ærleg med meg sjølv! Og det kan eg trenge!!! :) Takk til gode T5 venner for ein utruleg god tur!!!

Dagens god-ord:
"Faith makes things possible... not easy"

Ønska deg og dine ein fiiiiiin søndag!

Klæm frå meg <3

fredag 16. september 2011

På tur med min nye bestevenn... :)

Du og du kor nydeleg her er her oppe på fjellet! I dag hadde eg meg ein heilt hærleg tur... saman med meg! Thi hi!! Ja du les rett! Eg øver på å vere min eigen bestevenn! Mennska i livet mitt kjem og går...Det einaste som er sikkert og visst er at eg har meg... og at eg er meg uannsett. I mange år var eg ikkje heilt sikker på om eg ynskte å vere min eigen bestevenn... Eg syns eg sjølv var svak... og slett ikkje ærleg med seg sjølv... eg tok val utifrå kva andre meinte å tenkte og svikta vel meg sjølv nokre gongar....


No har eg lova på tru å ære å vere ærleg med meg sjølv... Og ærligheit meiner eg er ein viktig ingrediens i et godt vennskap. Eg kan gjere feil... seie og tenke "dumme og lite utviklande" tankar... men då kan eg også be om unnskuldning... Eg stoler meir på meg sjølv no... :)

"Du mitt yngre jeg har hele tiden vært min beste venninne. Vi forstår hverandre, utfyller hverandre. Smeller hodet i de samme grenene. Er ensomme og redde sammen, modige og snille. Glade. slemme! Vi er aldri flinkere, penere eller bedre enn oss selv. Jeg digger deg og du digger meg. Jeg skal aldri gå fra deg" (Unni Lindel om vennskept til seg sjølv)

Trur eg heng meg på Fru Lindel! Syns det var sagt så flott! Trur eg skal begynt å digge min nye bestevenn... for ho har vorte ganske modig og kuul! :) Thi hi!!

Er du din egen bestevenn?!?

Og til alle dokke andre vennane mine: Her er ein song frå meg til deg: BESTEVENN.

God klem med ønske om ein hærleg fredagskveld <3

torsdag 15. september 2011

Livets landeveg... og steg på veien....

 I dag har T5 gruppa her på Røros blant anna våre på ein nydeleg tur oppi marka her... Heilt fantastisk... Medan eg fotograferte(om det heiter det då, når ein brukar ein Iphone da..:) gjekk dei andre eg hadde lag med vidare. Så då vart det tid for tankar medan eg gjekk.... Eg gjekk på ein grusveg.... Og eg vart gåande å tenkje på Livets landevei.... Min veg i livet har slett ikkje vorte slik eg håpte og ynskte. Eg har hatt, slik eg ser det, nok med motbakkar og krunglete stigar. Eg har gjort erfaringar eg godt kunne vore forutan. 

I eit gammalt KK som låg her på Moan fann eg noko som Kari Bremnes har sagt om livet:
"Først om noen år, når du en gang ser deg tilbake og ikke lenger er utolmodig, kommer du til å forstå at hvert eneste skritt du tok på denne veien var nødvendig. At hvert menneske du møtte, hver dyrekjøpte erfaring, hver fysikktime, hvert ganagesår, hver eksamen, hver eneste dans, var med på å lage veien. Det tar tid å finne dører som opner seg. Som opner deg...."

Ho er jammen ei klok dame denne Kari Bremnes.Og har ho rett, må vi igjennom så ymse for å kome på den vegen  som leder oss til "døra" der vi høyrer heime....
Eg kjenner eg er på rett veg... eg trur dette vil verte bra.... på tross..... Ja.. det trur eg..... :)

Og dagens påminning?

"Smile under the sun,
Dance in the rain.
Like there is no tomorrow..... "

Gode klem frå mej... så må ta nokre dansetrinn ;)



onsdag 14. september 2011

Så va eg igang...

Ferdig innstalert på Moan gård...

No ventar tre veker med trening, undervisning og rett mat til alle måltid! Skal verte godt med påfyll av inspirasjon og motivasjon... Sjølv om vektreduksjonen faktisk har gått på skinner til no, reknar eg med at vanskeligare dagar må kome etter kvart. Og då er det godt å vere litt føre var?
Var rart og kjekt å vere tilbake her. Kjekt å treffe igjen dei andre.! Rart? Jo, når vi kom hit fyrste gongen stod vi på startstreken alle saman...Vi stod og var meir eller mindre klar til ei endring... I heime periden har vi lykkast på ulike plan. Nokre har jobba mykje med dei indre endringane og det er no ikkje alltid dei vises på utsida i cm eller kg.  Andre har fått inn dette med måltidsrutine og andre har vorte racera på å trene.... Men det er kanskje det som gjer gruppeprosessen så spennande? For ved å dele våre historier kan vi lære og verte inspirerte og motiverte av dei andre deltakarane. Eg er klar.... :)

 Og dagens påminning? Husk at uansett så er Your body is a wonderland! :)

Klæm frå mej! <3

mandag 12. september 2011

"Kom å bli med mæ på ei reise... "


Ja, so har eg drege fram ALLE kleda som framleis passar... Eg held nemmlegen på å pakke til neste Rørosopphald. I morgon reiser eg.  Fyrste stopp på vegen er SURNADAL. Ei av mine gode Rørosvenner bur der. Og onsdags morgon skal vi køyre til Trivelige Trøndelag og Røros i lag:) Vi er klart til påfyll av motivasjon og inspirasjon. Skal verte artig å sjå att dei andre frå kurset.... som er på reise.... ei livsreise.... som Lynni Treekrem syng så fint om HER.... Eg er klar til å reise...Du blir vel med?!? Vi har alt å vinn...

Vi sjåast...
<3 Gode Klæm <3

søndag 11. september 2011

Draumen....

Den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund
skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

Olav H. Hauge



Erfaringar har vist meg at akkurat slik er det... der er mange "vågar" med fantastiske vidunderlege ting.... berre ein tørr og glide inn i vågen... eg trur eg tørr.... gjer du?!?

God søndag med ein klem frå meg <3

lørdag 10. september 2011

Varmt velkomen

Eg vil ynskje deg varmt velkomen til mitt univers... I mitt univers der ser ein lyst på livet, og har lyst på livet Med det ein veit er det dette livet vi har, og ein bør leve slik ein ynskjer... og ikkje slik ein tenkjer og trur vert forventa av deg. Eg vil finne den beste måten for meg å leve mitt liv på.... slå gjerne lag på vegen!

Varmt velkomen <3